Vatn og avlaup

VA-norm med lokale føresegner

I samarbeid med sju andre kommunar i Sunnfjord har Naustdal kommune utarbeidd ei Va-norm med lokale føresegner. Sjå eiga nettisde for meir informasjon.

Tilkopling til vatn og kloakk

Søknad om tilkopling til offentleg nett skal sendast inn av utbyggar eller føretaket som skal utføre arbeidet. Søknaden skal innehalde situasjonskart som viser plassering av bygningar som skal tilkoplast på eigedomen.

Installasjon av vassmålar

Ved installering av vassmålar, skal det søkjast om dette på same skjema. Det er krav til installasjon av vassmålar på alle eigedommar som har andre utbyggingsformål enn bustad, for bensin- og servicestasjonar som har vaskehall og for eigedommar kor det er basseng eller tilsvarande med volum på meir enn 3 m3. Ved bygging av bygg med fleire føremål må kommunen kontaktast for vurdering om krav til vassmålar vert gjeldande.

Dimensjon og type vassmålar skal godkjennast før montering. Ved montering skal skjemet Registrering/ melding om installasjon og utskifting av vassmålar nyttast.

Naustdal vassverk

Naustdal vassverk forsyner kommunesenteret og bygdene i frå Solheim til Ulland og Kalland, og Solheim til Naustal sentrum.

Råvatn blir teke ut ved Horstadvatnet på 25 meters djup, er godt sikra mot ureining og har ein god hygienisk kvalitet.

Vassbehandling omfattar desinfeksjon med UV-bestråling (100% reserve UV), partikkelfjerning med trykksilar og anlegg for nødkloring. PH i vatnet vert auka ved bruk av vassglass.

Anlegget er tilknytt driftskontrollanlegg.

Septiktank

Det er Miljøservice AS i Stryn som utfører tømming av septiktankar i Naustdal kommune.

Dersom du treng ekstratømming utanom oppsett tidsplan kan du ta direkte kontakt med dei på tlf. 57874666 eller på e-post miljoservice@septik24.no

Det faste gebyret for slamtømming kjem på fakturaen for kommunale avgifter.

Dersom du bestiller ekstratømming får du ekstra faktura på den.

Vis dovett!

Småting og matavfall i røra kan gjere stor skade, og føre til oversvømmelsar både hos deg og andre stadar. Feitt og ting som våtserviettar, bomullsdotter, hår, kondomer og q- tips set seg fast i røra og skaper problemer på pumpestasjonane som skal pumpe avlaupsvatnet fram til rensestasjonane.

Lær meir om dovett i Oslo, Asker og Bærum kommunar sin kampanje dovett.no.

Kommunalt avlaupsanlegg

Naustdal kommune eig og driv avlaupsanlegget for Naustdal sentrum, men omkringliggande byggefelt.

Leidningsnettet er mest bygd med sjølvfall, men har i tillegg sju pumpestasjonar. Avlaupet har eit silanlegg i Øyravegen før det endar uti Førdefjorden ved Naustdalsneset på minus 27 meter.

Anlegget er tilknytt driftskontrollanlegg.

Området kring Sæla er knytt til eit eige system.

Sist endra 08.11.2016 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Seksjonsleiar teknisk drift og forvaltning
  • Tlf: 57816126
  • Mob:
  • E-post:  
VA-ansvarleg
  • Mob: 941 70 515 (vakttelefon)
  • E-post:  
 
 
Login for redigering