Ungdommens kulturmønstring

Likar du å drive med musikk, teater, dans, film eller visuelle uttrykk som bilete og skulptur? Har du lyst å vise fram kva du kan? Då kan du delta på UKM. 

Likar du ikkje å stå på scena, men har du likevel lyst å vere med på festivalen? Då kan du også melde deg på for å jobbe bak scena.

Naustdal har lokalmønstring i Førdehuset saman med Førde. Du finn meir informasjon på UKM-portalen.

UKM er ikkje meint som ein konkurranse, men personar eller grupper kan likevel bli plukka ut av ein jury og gå vidare til fylkesmønstringa og den nasjonale UKM-festivalen i Trondheim.

Arrangementet startar med lokalmønstringa i kommunane om vinteren, så blir det fylkesmønstringar om våren og til slutt den nasjonale UKM-festivalen i juni i Trondheim.

UKM er mange lokale arrangement der ungdom kan delta med alle slags kulturuttrykk. Kvar kommune sender kvalifiserte ungdommar vidare til ei fylkesmønstring, i neste omgang sender kvart fylke kring 30 deltakarar til den nasjonale UKM-festivalen.

Alle ungdommar under 20 år kan delta på UKM. I Naustdal kan ein delta frå ein er 10 år, ungdommar som blir valt ut til å representere fylke på UKM-Festivalen må vere over 13 år.

Dagleg leiar Frivilligsentralen
  • Tlf: 57816144
  • E-post: