Tur 6: Bunestølen - Blåfjellet

Høgdeskilnad, m.o.h. / Altitude, low / high, m.a.s.l : 270 – 791

Lengde / Distance : 10,8 km.

Tid / Time t/r : 4 timar / hours

Frå / From : Bunestølen

 

Sjå kart og skildring her / View map with information. (PDF, 802 kB)

Frå parkeringa ved infotavla litt nedanfor Bunestølen fylgjer ein vegen opp til Bunestølen. Turen er herifrå godt merka med skilt og retningspilerheile vegen opp, og kan gåast både til fots og på ski.

Første del av turen går på skogsveg med lett stigning, og ein litt bratt bakke. Ved enden av skogsvegen går stien over ei steinbru, og vidare i lett stigning, så over eit myrlendt parti som kan vere litt vått.

Vidare variert grad av stigning opp til Frammarsvikstølen. Dette er eit fint turmål om ein ynskjer ein kortare tur (ca. 2 t. tur / retur).

Frå Frammarsvikstølen utover mot Blåfjellet er det godt merka sti med retningspiler som ein fylgjer i jamn stigning utover stølsbotnen. Etter å ha passert litt ovanfor Merkingsvatnet vil ein sjå toppen på Blåfjellet i nordvest, her er ein om lag midt mellom stølen og Blåfjellet.

Nokre stader er også merka med små vardar, og ved eit punkt er det eit høgt juv. Ikkje så langt frå toppen møter ein stien som kjem frå Steinkorsen og Kringla. Frå toppen av Blåfjellet er det fin utsikt utover mot øyane og havet i vest, mot Heilefjellet og Blegja i sør og mot Ålfotbreen i nord.

Alternativ retur er å fylgje merka sti til Steinkorsen og Kringla (tur 3 og 5).

Ansvarleg Henning Malones. Sist endra 10.11.2015 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Artikkel med kontaktperson (1)
 
 
Login for redigering