Tur 13: Reiakvam - Bolteheia / Reiakvam - Bolteheia - Reiakvamstølen - Reiakvam

Tur 13a – Bolteheia

Høgdeskilnad, m.o.h. / Altitude, low / high, m.a.s.l : 87 – 740

Lengde / Distance t/r : 7,8 km.

Tid / Time t/r : 3 timar / hours.

Frå / From : Reiakvam

Følg skogsvegen frå parkeringa og oppover i Reiakvamslia. Skogsvegen har mange sidegreiner, og det er viktig å fylgje merkinga for å finne fram. Etter å ha gått på skogsveg i ca. ein halvtime tek ein av til høgre og over på sti. Herifrå bratt opp lia til ein kjem til Annjestølen der det viser att etter gamle murar.

Herifrå svingar stien til høgre før ein etter nokre hundre meter på nytt går bratt opp lia. Vel oppe får ein no flott utsikt nordover. Her svingar ein til venstre og følgjer fjellryggen vestover mot toppen. På toppen er det flott utsikt i alle himmelretningar. Sandfjellet mot aust, Blånipa mot nord, øyane i Flora i vest og Blegja i sør.

Alternativ retur er å gå tur 13b frå toppen via Reiakvamstølen og tilbake til Reiakvam.

 

Tur 13b – Reiakvam - Bolteheia - Reiakvamstølen - Reiakvam (rundtur)

Høgdeskilnad, m.o.h. / Altitude, low / high, m.a.s.l : 87 – 740 – 390

Lengde / Distance t / r : 12,7 km.

Tid / Time t / r : 4-5 timar / hours.

Frå / From : Reiakvam

Følg turvegen til Bolteheia (tur 13a). Frå toppen går ein vidare vestover fjellryggen og ein kjem etter kvart ned til stølsvegen mellom Horstad og Reiakvamstølen.

Ta til venstre mot Reiakvamstølen. Herifrå går ein den gamle stølsstien tilbake retning Reiakvam. Etter kvart kjem ein tilbake til stikrysset der ein går opp på Bolteheia.

Retur til Reiakvam langs skogsveg.

Ansvarleg Henning Malones. Sist endra 10.11.2015 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Artikkel med kontaktperson (1)
 
 
Login for redigering