Tre turar frå Kringla (tur 3,4 og 5)

Tur 3 – Steinkorsen

Høgdeskilnad, m.o.h. / Altitude, low / high, m.a.s.l : 315 – 762

Lengde / Distance : 6,0 km.

Tid / Time t/r : 2,5 timar / hours

Frå / From : Kringla

Følg stien langs elva og sidan på stølsvegen til Kringlestølen. Bratt og steinete sti, men den er forholdsvis lettgått.

Sidan i flatare terreng til Mallasvikstølen, 200 m. forbi stølen deler stien seg. Ta stien til venstre opp mot Kringlevatnet, her er det fint å raste.

Deretter går turen på god sti opp på høgda over Kringlevatnet og vidare i lett / småkupert terreng mot varden på Steinkorsen ( 762 m.o.h. ). Fin utsikt mot Ålfotbreen i nord, Blåfjellet og Håsteinen i vest.

Tur 4 – Vindkjegla

Høgdeskilnad, m.o.h. / Altitude, low / high, m.a.s.l : 315 – 688

Lengde / Distance : 6,4 km.

Tid / Time t/r : 2,5 timar / hours

Frå / From : Kringla

Følg stien langs elva og sidan på stølsvegen til Kringlestølen. Bratt og steinete sti men den er forholdsvis lettgått.

Sidan i flatare terreng til Mallasvikstølen, 200 m. forbi stølen deler stien seg. Ta til høgre og gå over elva og mot Fjellsenden. Her er eit lite stykke med steinur, og så opp ein bratt kneik. Oppe på kanten er det fin utsikt over Naustdalsstølane.

Stien går flatt eit stykke til skilt mot Vindkjegla, så over eit myrområde til Tverrhamrane. Herifrå opp ein kneik og vidare innover til toppen. Går ein litt mot sør, får ein god utsikt over heile Førdefjorden. Denne turen bør ein ikkje gå om vinteren p.g.a. bratt terreng ved Fjellsenden.

Alternativ retur er å fylgje merka sti til Gullbrua (tur 1).

Tur 5 – Blåfjellet

Høgdeskilnad, m.o.h. / Altitude, low / high, m.a.s.l : 315 – 791

Lengde / Distance t/r : 14,2 km.

Tid / Time t/r : 5-6 timar / hours

Frå / From : Kringla

Følg stien til Steinkorsen (tur 3).

Frå Steinkorsen ser ein Blåfjellet i vest, mellom Blegja og Håsteinen. Stien går i lett kupert terreng over Sletteheia mot sør- enden av Langevatnet med utsikt over Frammarsvikstølen, sidan over høgda til Bygdavatnet (fin badeplass).

Vidare i lett terreng mot vest til ein kjem inn på stien frå Bunestølen. Litt stigning mot toppen. Utsikt over Redalen og til Svanøya.

Alternativ retur er å fylgje merka sti til Bunestølen (tur 6).

Ansvarleg Henning Malones. Sist endra 10.11.2015 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Artikkel med kontaktperson (1)
 
 
Login for redigering