To turar frå Reina (tur 9 og 10)

Tur 9 – Trodal

Høgdeskilnad, m.o.h. / Altitude, low / high, m.a.s.l : 377 – 470

Lengde / Distance t / r : 7,4 km.

Tid / Time t / r : 3 timar / hours

Frå / From : Reinen

Turen startar ved fjøsen på Reina. Ta omsyn til beitande dyr i området.

Følg skogsveg opp til hytte på toppen av Reina. Her er det stidele for turen til Sandfjellet. Ta til høgre i stikryss og følg godt merka sti innover lia. Ved Reinegjelet deler stien seg og ein kan velje om ein ynskjer å gå øvre eller nedre råk.

Rett før Årevikja nede ved Trodalsvatnet møtast stiane igjen og ein går vidare langs vatnet fram til Trodalsstranda.

Alternativ tur vidare på sti retning Angedalen i Førde kommune.

 

Tur 10 – Sandfjellet

Høgdeskilnad, m.o.h. / Altitude, low / high, m.a.s.l : 377 – 1249

Lengde / Distance t / r : 11,2 km.

Tid / Time t / r : 5 timar / hours

Frå / From : Reinen

Turen startar ved fjøsen på Reina. Ta omsyn til beitande dyr i området.

Følg skogsveg opp til hytte på toppen av Reina. Her er det stidele for turen til Trodal. Ta til venstre i stikryss , her er jamn stigning opp til Bruflotstølen (520 m.o.h.). Stien går vidare på nordaustsida av Reineklubben og ein går vidare opp dalen på høgre side av elva.

Terrenget innover i dalen er slakt før ein dreier til venstre og tek til på stigninga opp til Nordavatnet. Her er fine rasteplassar ved elva som renn ut av vatnet.

Etter å ha kryssa elva går ein rett opp dalen retning Høgefjellet. Her må ein svinge til høgre og følgje fjellryggen opp mot toppen. Bratt stigning før ein kjem inn på eit flatare parti før toppen.

Du kan sjå tre isbrear frå Sandfjellet : Ålfotbreen, Jostedalsbreen og Grovabreen.

Ansvarleg Henning Malones. Sist endra 10.11.2015 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Artikkel med kontaktperson (1)
 
 
Login for redigering