Tilskotsordningar i jordbruket

Det er ei rekkje ulike tilskotsorningar i jordbruket. Her finn du kort informasjon og lenker til søknadskjema.

SMIL - Søknad om tilskot til miljøtiltak i jordbruket

Føremålet med ordninga er å støtte tiltak som minskar ureining og fremjar miljøverdiar i kulturlandskapet utover det ein kan rekne med ved vanleg landbruksdrift:

  • Tiltak mot attgroing
  • Ivaretaking av truga sårbare artar, særeigent artsmangfald.
  • Utbetring av stiar, bruer m.m.
  • Informasjon til ålmenta om kultur og naturverdiar, t.d. skilting.
  • Utvending restaurering av freda eller verneverdige bygningar eller installasjonar der desse inngår som ein del av landbrukets kulturlandskap
  • Prosjekt og tiltak vert prioriterte ut fra lokale målsetjingar og strategiar.

Gå til søknadsskjema >

Alle føretak eller eigarar som driv/og eller eig ein landbrukseigedom kan søkje om midlar.

Dersom prosjektet gjeld eit verneverdig bygg skal det vere med ei planteikning. For søkarar som er pålagd å ha miljøplan skal miljøplan trinn 2 også leggast ved søknaden.

For meir informasjon og regelverk, sjå Landbruksdirektoratet sin presentasjon av ordninga.

Søknad om tilskot til drenering av jordbruksjord 

God drenering er avgjerande for å kunne auke matproduksjonen i åra som kjem. Det er også eit viktig ledd i å tilpasse jordbruket til endra klima med meir nedbør. God drenering reduserer også faren for erosjon frå jordbruksareal og bidreg på den måten til god kvalitet på vatn.

Gå til søknadsskjema >

For meir informasjon og regelverk, sjå Landbruksdirektoratet sin presentasjon av ordninga.              

Produksjonstilskot i jordbruket

Den einskilde gardbrukar kan søkje om produksjonstilskot. I produksjonstilskotet inngår ei rekkje ordningar som kan gjevast til drift av jordbruksareal, grønt- og potetproduksjon og husdyrhald etter satsar fastsett i jordbruksoppgjeret. Føremålet med produksjonstilskotet er å bidra til eit aktivt og bærekraftig jordbruk.

Det er to årleg søknadsfristar 20. januar og 20. august.

Gå til søknadsskjema >

For rettleiing for utfylling av søknadsskjema og anna informasjon finn du på Landbruksdirektoratet sine nettsider

Regionalt miljøprogram for Sogn og Fjordane

Regionalt miljøprogram for Sogn og Fjordane skal stimulere til å ta vare på og utvikle det opne og særmerkte kulturlandskapet i fylket. Alle føretak som kan søkje produksjonstilskot i jordbruket kan søkje.

Informasjon og søknadsskjema finn du på Fylkesmannen sine nettsider.

Velferdsordningane i landbruket

Ulike ordningar bidreg til å styrke velferda i jordbruksnæringa.  Registrerte føretak kan søkje tilskot til avløysing ved ferie og fritid (avløysartilskot), tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv. Og Tidlegpensjons-ordninga skal bidra til å gjere generasjons overgangar i jordbruket lettare.

Sjå meir informasjon, regelverk og søknadsskjema på Landbruksdirektoratet sine nettsider. 

Investeringar i landbruk, kjøp av eiendom og tilleggsareal

Innovasjon Norge kan hjelpe med tilskot/lån til finansiering i driftsbygning, kjøp av eigedom/tilleggsareal eller mindre investeringar i samband med generasjonsskifte på garden.

Meir informasjon pånettsidene til Innovasjon Norge.

Sist endra 12.11.2015
Fagleiar jordbruk
  • Tlf: 57 81 61 00
  • E-post: