Skulpturane på Sanden

Storskulpturen Budeie med Kjartanroser av Kjartan Slettemark. (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) - Klikk for stort bilete Øystein Ullaland Avduking av storskulpturen Kyra, november 2013 (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) - Klikk for stort bilete Øystein Ullaland

 

Skulpturane på Sanden vekker merksemd langt ut over lokalsamfunnet, og både Budeia og Kyra har blitt landemerke, samlingspunkt og reisemål. Storskulpturane har etablert seg som symbol for lokal identitet og nyskaping, og vert nytta som blikkfang i reiselivsamanheng.

Budeie med Kjartanroser

Kunstnar: Kjartan Slettemark

Ferdigstilt dato: 5. august 2007 / 25.august 2013

Budeie med kjARTanroser er eit kunstnarisk samarbeid mellom Kjartan Slettemark frå Naustdal og Egil Sunde frå Bergen.

Fyrste byggjetrinn av storskulpturen Budeie med kjARTanroser vart reist på friområdet Sanden i sentrum av Naustdal kommune 5. august 2007.

25.august 2013 vart andre byggesteg avduka — kjARTanrosene — og dermed var storskulpturen fullført.

Kjartan Slettemark sin kunst er grensesprengjande og provoserande annleis. Budeie med kjARTtanroser bryt med all vanetenking om kva som er kunst eller ikkje, kva som er stygt og pent, og stiller store krav til publikum sine evner til å bryte med fordommar.

Reising av 1. byggjetrinn skjedde ved hjelp av gåver frå Visjon Vest, Næringsfondet i Naustdal kommune, Sogn og Fjordane Fylkeskommune, lokal kronerulling, og sal av Kjartan Slettemark-kunst dedikert dette prosjektet.

Byggesteg 2 av Budeie med KjARTanroser vert realisert med stønad frå KORO, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Næringsfondet i Naustdal kommune og frivillig kulturliv i Naustdal. SandenHelg og SlettemarkART 2013 med avduking av kjARTanrosene er del av fylkesjubileet Sogn og Fjordane 250 år.

Kyra

Kunstnarar: Oddvar Torsheim og Geir Hjetland

Ferdigstilt dato: 3. november 2013

Torsheim er opphavet til den trespena kyra med sitt måleri Nedkomsten frå 1972 då prinsesse Märtha Louise vart fødd. Hjetland laga i 2010 modell av kua og har beskrive materialbruk og fargar. Han har og gitt den grøne kalven i skulpturen form.

Oddvar Torsheim har gledd mange med kunsten sin gjennom over 50 år, han er noko så uvanleg som ein popkunstnar frå Vestlandet. Han har skildra, kommentert og harselert med samfunnet, med måleri, teikning og fleire andre uttrykk. Kyra vart reist som ei folkegåve til Torsheim på 75-årsdagen.

Geir Hjetland arbeider med skulptur i ulike materialer og søker løysingar i grenselandet mellom det mekaniske og det organiske. Hjetland er særleg kjend for skulpturar i aluminium.

Storskulpturen vart realisert av kunstnettverket Kunst på tvers gjennom lokal kronerulling, og tilskot frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og Naustdal kommune.

 

Publisert av Ann Lisbeth Lesto. Sist endra 20.07.2016 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Svarar på spørsmål om kommunale tenester.
  • Tlf: 57 81 61 00
  • Mob:
  • E-post:  
 
 
Login for redigering