Problem med rusmiddel

Treng du hjelp til å kome deg ut av rusproblem? Då kan du kontakte fastlegen din og avtale time.

I samråd med deg vil fastlegen finne ut kva behov du har. Det vil ofte vere naudsynt med tett oppfølgjing gjennom fleire timeavtalar. For at ein skal kunne tilby deg best mogeleg hjelp, er det viktig at du er open og ærleg på rusproblema dine.

Om pårørande melder om omfattande rusmiddelproblem/misbruk, skal NAV-kontoret føreta dei naudsynte undersøkingar og vurdere om det skal fremjast ei sak.

Dersom du ynskjer plass i behandlingsinstitusjon, kan fastlegen din hjelpe deg med å søkje om dette.