Heimetenesta for funksjonshemma

Dette er hjelp til deg som har ein psykisk funksjonshemming  og som treng tilrettelegging i kvardagen.

Gå til søknadsskjema >

Praktisk informasjon

  • Basisen i arbeidet er opplæring og målretta miljøarbeid - hjelp til sjølvhjelp
  • Tenesta vektlegg aktiv brukarmedverknad, sjølvstendiggjering og deltaking
  • Det er ingen eigenbetaling
  • Påminning, motivering og rettleiing i dagleg reinhald og stell av bustad
  • Rettleiing og hjelp til dagleg økonomistyring
  • Motivering, rettleiing og hjelp til sosiale aktivitetar
  • Butrening
  • Opplæring i daglege aktivitetar / gjeremål

Korleis får eg denne tenesta?

Du må bu eller opphalde deg i kommunen, og du må sende ein skriftleg signert søknad.

Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei skriftleg fullmakt og levere den med søknaden.

Tildelingskontoret handsamar søknaden og du vil bli kontakta slik at det kan bli gjort ein kartlegging saman med deg av dine behov for hjelp.

Svarar på spørsmål om kommunale tenester.
  • Tlf: 57 81 61 00
  • E-post:  
Seksjonsleiar HFF
  • Tlf: 57816600
  • E-post: