Brann og feiing

Feiing og tilsyn

Feiar Jim Ivar Kalland utfører feiing og tilsyn med fyringsanlegg i vår kommune. Kor ofte det skal feiast vert fastsett etter behov, men minimum kvart fjerde år. Tilsyn og kontroll av piper og eldstader skal gjerast kvart fjerde år.

Tenesta gjeld heilårsbustader. Fritidsbustader er unnateke lovpålagt feiing, men brann- og feiarvesenet kan feie slike stader etter avtale.

Varsel om feiing eller tilsyn vert levert i postkassa nokre dagar før. Dersom ikkje tidspunktet høver, kan du avtale nytt tidspunkt med feiaren.

Brann

Branntenester er administrert av Førde kommune ved brannsjefen. Informasjon om brannvakt, bålbrenning, tilsyn, søknadsskjema med meir finn du på Førde kommune sine nettsider.

Vil du bli med i Naustdal frivillige brannvern?

Kontakt brannsjef Bernhard Øberg på e-post eller telefon 57 61 28 21.

Brannmann under brannøving. (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) - Klikk for stort bilete Øystein Ullaland

Brannsjef
  • Tlf: 57 61 28 21
  • E-post:  
Feiar
  • Mob: 90822966
  • E-post: