Barnehagane i Naustdal

Opptak til alle barnehagane, både kommunale og private barnehagar, er felles. Søknadsfristen til hovudopptaket er 15. mars kvart år.

Alle barn som fyller eitt år seinast 31.august og som søkjer innan fristen har rett til barnehageplass. Barn som fyller eit år i september eller oktober har rett til barnehageplass frå den månaden dei fyller eit år (barnehageloven § 12a).
 
Velkomen som søkjar!
 

> Søk barnehageplass

Du kan søkje plass i Vevring barnehage eller Lunden barnehage (Naustdal sentrum) som er kommunale. I tillegg  Naustdal Idrettsbarnehage as, privat barnehage i Naustdal sentrum.

Du søkjer elektronisk om barnehageplass.

Alle barn som fyller eitt år seinast 31.08 året før opptaket, og som har søkt innan fristen 15.mars, har lovfesta rett til banehageplass i den kommunen dei er busett i. Barn som fyller eit år i september eller oktober har rett til barnehageplass frå den månaden dei fyller eit år (barnehageloven § 12a). Denne retten er oppfylt når det er gjeve eit tilbod om barnehageplass i kommunen.

Tilbod om plass etter hovudopptak, ev. plassering på venteliste eller avslag, vert sendt ut i løpet av april.

Søknader som kjem inn etter fristen for hovudopptak vert registrert på venteliste. Det er opptak gjennom heile året for tildeling av ledige plassar.

Kva kostar ein barnehageplass?

Sjå liste over betalingssatsar under. Det vert gjeve 30% søskenmoderasjon for eitt søsken og 50% for to søsken og fleire. Det vert kravd betaling for 11 månader i året.

Betalingssatsar- barnehage
Betalingssatsar- barnehage
Tekstsats
Heil plass 100%kr. 2910,-
90%kr. 2835,-
80%kr. 2750,-
70%kr. 2475,-
60%kr. 2240,-
50%kr. 1750,-
40%kr. 1610,-
Ikkje avtalefestakr. 300.- pr dag
Søskenmodersasjon30% første
50% påfølgjande

Redusert foreldrebetaling

Inga hushaldning skal betale meir enn 6 % av inntekta si for ein barne-hageplass, avgrensa opp til maksimalsatsen.

Foreldrebetalinga skal for første barn i barnehage utgjere maksimalt 6 % av hushaldninga si samla personinntekt. For andre, tredje og fleire barn skal foreldrebetalinga vere i samsvar med føresegn om søskenmoderasjon.

Søknaden skal sendast til Naustdal kommune, og reduksjon vil som hovudregel vare for eitt barnehageår av gangen.
 

Søknadsskjema med informasjon og retningsliner finn du i søknadssenteret, under tittelen "Oppvekst".

Ny informasjon om redusert foreldrebetaling frå 08.08.2016 (PDF, 49 kB)

Ansvarleg Turi Bruland. Sist endra 09.02.2017 av Robert Gelin Rysjedal
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Svarar på spørsmål om kommunale tenester.
  • Tlf: 57 81 61 00
  • Mob:
  • E-post:  
Oppvekstutviklar
  • Tlf: 57816131
  • Mob:
  • E-post:  
 
 
Login for redigering