Spelemidlar

Innbyggarane i Naustdal kommune skal ha høve til å drive med fritidsaktivitetar etter eigne ønskje og føresetnader, på allment tilgjengelege område og i rimeleg geografisk nærleik til staden dei bur.

Spelemidlar til bygging og rehabilitering av anlegg skal bidra til ein infrastruktur som gjev innbyggarane moglegheit til å drive både eigenorganisert aktivitet og aktivitet i regi av den frivillige, medlemsbaserte idretten. 

Anlegg i lokalmiljøet som stimulerer og tilfredsstiller barn og unge (6-19 år) sitt behov for fysisk aktivitet vert prioritert.

Søknadsprosedyre

Anlegg som er del av handlingsprogram i Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og kulturbygg 2014-2017 kan søkje om spelemidlar. (PDF, 3 MB)

Søknader om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet leverast elektronisk til Naustdal kommune på fastsett skjema, innan 01. september.

Midlar til idrettsanlegg kan søkjast av mellom anna kommunar, idrettslag og ikkje-kommersielle selskap med idrett som føremål. Midlar til nærmiljøanlegg kan òg søkjast av velforeininger og burettslag.

Før du søkjer må du kontakte kommunen for å få tildelt eit anleggsnummer.

Kulturdepartementet sin portal idrettsanlegg.no inneheld skjema, rettleingar og informasjon.

Søknadsskjema >

Fristar

Naustdal Kommune har fastsett søknadsfrist til 1.september. For seint innkomne søknader vert ikkje godkjent. Dette gjeld alle anlegg det vert sendt søknad om spelemidlar til!

Formannskapet i Naustdal gjer prioriteringar og vedtak i tråd med Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og kulturbygg. Vedtak og søknader vert sendt til fylkeskommunen innan 15. januar. For seint innkomne søknader vert ikkje godkjent av fylkeskommunen. Fylkeskommunen vurderer søknadane, og sender oversikt til departementet innan 15. mars.

Kriterier

For idrettsanlegg med tilskott av spelemidlar gjeld mellom anna:

  • Anlegget skal ikkje drivast på kommersiell basis.
  • Anlegget må vere med i ein vedtatt kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Det forutsetjast at organisasjonane har gjeve innspela sine i planprosessen.
  • Anlegget skal ha universell utforming (vere tilgjengeleg for personar med rørsle- og orienteringsvanskar).

For nærmiljøanlegg med tilskott av spelemidlar gjeld mellom anna:

  • Området skal vere fritt og allment tilgjengeleg.
  • Anlegget skal ikkje dekkje behov for organisert idrettsaktivitet og vanlege idrettskonkurransar.
  • Reine reidskapsleikeplassar (sandkasser, husker osb.) fell utanfor ordninga.
Kveld på Naustdal stadion (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) - Klikk for stort bileteKveld på Naustdal stadion (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) Øystein Ullaland
Svarar på spørsmål om kommunale tenester.
  • Tlf: 57 81 61 00
  • E-post:  
Konsulent I
  • Tlf: 57 81 61 05
  • Mob: 40213099
  • E-post: