Skjenkeløyve

Dersom du ønskjer å selje eller skjenke alkohol, må du først søkje om sals- eller skjenkeløyve. Det er kommunen der alkoholen skal seljast eller skjenkast, som kan gi slike løyve.

Serverings- og skjenkeløyve

Dei som driv ein serveringsstad der det vert servert alkohol må ha eit serverings- og skjenkeløyve. Vanlegvis gjeld skjenkeløyve for ein kommunestyreperiode, det vil seie 4 år.

Alle eksisterande skjenkestader i kommunen må søkje på nytt kvart fjerde år om skjenkeløyve. Nyetableringar må søkje om skjenkeløyve før oppstart av verksemda. Søknad om skjenkeløyve skal opp til politisk handsaming. 

Søknadsskjema finn du i søknadssenteret under Løyver.

Midlertidig skjenkeløyve

Det er ikkje eige skjema for søknad om midlertidig skjenkeløyve, det vil seie skjenkeløyve til enekltståande arrangement.

Send søknad i brev til Naustdal kommune v/ Servicekontoret, Tunavegen 6, 6817 Naustdal.

Svarar på spørsmål om kommunale tenester.
  • Tlf: 57 81 61 00
  • E-post: