Informasjonsmøte om Sunnfjord Frisksenter

Vil du vere med og utvikle eit Frisksenter ved riksveg på aksen Florø - Førde?

Velkommen til informasjonsmøte måndag 21. september kl. 14.00 i kommunestyresalen i Naustdal.

Naustdal kommune samarbeider med Sunnfjord Frisksenter AS om utvikling av eit kvartal i Naustdal sentrum med helsefunksjonar, servicetilbod, bustader, kontor og forretningar.

Har du ein forretningside som handlar om offentleg/private helsetenester, trening, mat og andre sentrumsfunksjonar, kan du få tilgang til svært sentral tomt. Dei kommunale helsefunksjonane i Naustdal er planlagt lokalisert på tomta.

Konseptutvikling og planarbeid vert utført denne hausten og planlagt byggestart er neste haust.

Frisklivkvartal - Klikk for stort bileteFrisklivkvartal Nordplan AS, Arild Wåge

Illustrasjon av region Sunnfjord. Felles bu- og arbeidsmarknad. - Klikk for stort bileteIllustrasjon av region Sunnfjord. Felles bu- og arbeidsmarknad. Rambøll

Illustrasjon av Naustdal sentrum i framtida - Klikk for stort bileteIllustrasjon av Naustdal sentrum i framtida Rambøll

Svarar på spørsmål om kommunale tenester.
  • Tlf: 57 81 61 00
  • E-post: