Kommunedelplan for Naustdal sentrum 2011-2023

Kommuneplanen er det viktigaste instrumentet for å sikre realisering av dei verdiane og måla som ein politisk har sett for utviklinga i kommunen. Kommunedelplanen for Naustdal sentrum er i så måte ein særs viktig del av dette planarbeidet. 

I planprosessen vart det fokusert på brei medverknad og dialog med ulike grupper og enkeltpersonar som har arealbruksinteresser i planområdet. Utvikling av sentrum med områda på Sæla er truleg avgjerande faktorar i arbeidet med å skape vekst både i folketal og arbeidsplassar.

Sentrum har ei strategisk plassering både i kommunen og regionen. Utfordringa vert då å skape eit levande sentrum med aktivitet som trekker til seg både innbyggjarar og reisande. Kommunen har sjølv mange tiltak som skal realiserast i sentrumsområdet og som vil styrke aktiviteten. Her kan nemnast; ny barnehage, rehabilitering og utbygging av Naustdal barne- og ungdomsskule, frisksenter, gangbru over Nausta m.v. I samband med sentrumsplanen kan ein heller ikkje unnlate å nemne området Sanden med skulpturen «Budeie med Kjartanroser» som står som eit symbol på endring og utvikling. På Sæla ligg eit stort potensiale i å kunne utvikle nye og spennande bustadområde som t.d. fjordlandsbyen.

Sentrumsområdet med Sæla har såleis både unytta areal og høve til fortetting i sjølve sentrumsdelen. Kommunedelplanen vil i alle høve legge til rette for slik utvikling og medverke til ei meir føreseieleg framtid for området.

Med kommunedelplanen for Naustdal sentrum er det lagt eit godt grunnlag for ei positiv utvikling i heile kommunen. Vi vil arbeide målbevist og systematisk for å realisere visjonane i planen.

Planen, med framlegg til arealbruk, visjonar, retningsliner og føresegner gjev kommunen muligheit for å realisere utbygging av ca 100-250 nye bueiningar i sentrum og antatt ca 450-500 på heile Sæla/Mallasvik (med ein viss korreksjon for konseptutvikling/områdeplan på Sæla). Som det går fram av folketalsprognoser har vi då dekka behovet for utbyggingspotensiale for bustader i ca 25-30 år, med folketalsutvikling i scenarioet ”full fart framover”. Med folketalutvikling som i ”forsiktig framover” har vi utbyggingsareal for bustader ca 40-50 år fram i tid.

Naustdal sentrum og Sæla haust 2015. (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) - Klikk for stort bileteNaustdal sentrum og Sæla haust 2015. (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) Øystein Ullaland

Svarar på spørsmål om kommunale tenester.
  • Tlf: 57 81 61 00
  • E-post: