Nybygg NBU

Naustdal barne- og ungdomsskule har behov for opprusting av spesialromsfløyen og utviding av undervisningsarealet til å kunne dekke forventa vekst i sentrum.

Det er planlagt eit heilskapleg skulebygg for 420 elevar, og byggeperioden vil strekke seg over 4-5 år. Dette inneber også opparbeiding av uteareala.

Sommaren 2014 vart den gamle spesialromsfløyen riven, og hausten 2014 starta byggearbeidet.

Les meir på Naustdal barne og ungdomsskule sine nettsider.

Naustdal kommune innstilte fredag 27.11.2015 Skanska til oppdrag med å fullføre utbygging  av Naustdal Barne- og Ungdomsskule.

Reguleringsplan med formål å gje grunnlag for utbygging av skulen, og å sikre gode uteområde og trafikkforhold vart vedteken i K-sak 28/14, møtedato 19.06.2014.

Sjå arkivsak 13/351 i Innsyn.

 
Ivest Consult AS sin illustrasjon av nybygg ved Naustdal barne- og ungdomsskule. (Ivest Consult AS) - Klikk for stort bileteIvest Consult AS sin illustrasjon av nybygg ved Naustdal barne- og ungdomsskule. (Ivest Consult AS) Ivest Consult AS
Ansvarleg Øyvind Bang-Olsen. Sist endra 13.07.2016
Rådmann
  • Tlf: 57816119
  • Mob: 41530111
  • E-post: