Mineralstrategi for kommunane Askvoll og Naustdal

Kommunane Askvoll og Naustdal legg med dette framlegg til kommunal Mineralstrategi ut til høyring og offentleg ettersyn.  

 

Vi tek initiativ til å forme ut og få oppslutning om ein mineralstrategi som fokuserer på spesifikke utfordringar, tiltak og mål. Vi vil arbeide for ny statleg politikk på viktige områder som restmassehandtering, planlegging og utvikling av infrastruktur.

Vi inviterer enkeltpersonar, frivillige, næringsselskap, miljøvernorganisasjonar, kommunar og nasjonale og regionale styresmakter til å sende sine innspel og merknader til framlegg til mineralstrategien.

Framlegg til kommunal mineralstrategi. (PDF, 2 MB)

Frist for innspel og merknader er sett til 15.2.2018, og sendast til postmottak@naustdal.kommune.no eller som brev til Tunavegen  6, 6817 Naustdal.

Er det spørsmål til mineralstrategien kan du ta kontakt med underteikna.

Med helsing

Ørjan Stubhaug

Kommunalsjef for samfunnsutvikling

 

Mineralstrategi.PNG - Klikk for stort bilete