KDP Vevring

I 2011 starta Naustdal kommune arbeidet med Kommunedelplan for Vevring skulekrins. Det er gjennomført fleire analysar og prosessar for aktiv medverknad.

Sjå tettstadanalysen (sluttrapport 31. august 2014) og planarbeidet elles i arkivsak 10/571 i Innsyn.

I Naustdal Kommunestyre sitt møte 17. mars 2016 vart planframlegget vedteke.

Sentrale dokument

Stadanalysen og mulegheitsstudiet for utvikling av Vevring er ein del av prosessen. 

Målet med mulegheitsstudiet er å utvikle eit konsept for arealutviklinga i det sentrale området av Vevring som gjer bygda og kommunen i stand til til å handtere både eit utbyggingspress som kan kome raskt, og det motsette, ei meir langsam utvikling. Uavhengig av Engebø-prosjektet, skal arealdisponeringa i kommunedelplanen vere robust nok til å takle beggje deler i eit langsiktig perspektiv.

Asplan Viak AS har vore med i planprosessen sidan 2011 med utarbeiding av strandsoneanalyse, barnetråkkregistrering og planverkstad, og mulegheitsstudie for Vevring.

 Vevring sentrum (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) - Klikk for stort bileteVevring sentrum (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) Øystein Ullaland
Ansvarleg Ørjan Stubhaug. Sist endra 13.07.2016
Svarar på spørsmål om kommunale tenester.
  • Tlf: 57 81 61 00
  • E-post: