Naustdal opplever som dei fleste andre kommunar ei sentralisering. For å sikre seg utvikling også i utkantområde ynskjer kommunen lokale utviklingsprosjekt med rask gjennomføring og høg grad av lokal mobilisering i planprosess og gjennomføring. Det er eit høgt aktivitetsnivå i Naustdal sine grender når det gjeld trivselstiltak og småskala næringsutvikling. Ved å legge til kommunen sin erfaring og kompetanse innan bustadutvikling, sikrar ein også betre tilrettelegging for tilflytting.
I Grend+ er det grendalaga som eig utviklingsprosjektet og gjennomfører dei, med kommunen som støttespelar med analyser/utgreiingar, prosessmetodar og kopling opp mot det generelle utviklingsarbeidet i kommunen.
Følg utviklingsprosjekta
-
Grend pluss - Grendeutvikling i Naustdal, arkivsak 12/808.
-
Helle Grend pluss, arkivsak 13/579.
-
Instedalen Grend pluss, arkivsak 14/434.
Førdefjorden og Heilefjellet. (Naustdal kommune / Øystein Ullaland)
Øystein Ullaland