Nordplan AS utarbeider på vegner av Fjæra Eigedom AS ein reguleringsplan som legg rammer og føringar for eit nytt forretningsområde ved Sanden i Naustdal kommune.
Stadanalysearbeidet Urbane rykter og den påfølgjande kommuneplanprosessen Kommunedelplan sentrum og Sæla har skapt interesse for å etablere forretningsverksemd på området.
Skisser som vart utarbeidd i ein ide- og kommuneplanfase er vidare bearbeidd og fremja som eit planframlegg.
Nytt forretningsbygg Sanden. Illustrasjon i høyringsvarsel, Nordplan / Fjæra Eigendom.