Vilt og utmark

Kommunal viltforvaltning omfattar bestandsplanar for hjortevilt, tildeling av løyver til vald utan bestandsplan, samt generell rettleiing om viltforvaltning og forvaltning av viltfondet.

Jegerprøva

Alle jegerar må ha greidd jegerprøva for å kunne utøve jakt og fangst. Kommunen organiserer eksamen, og syt for at dei som har greidd prøva vert registrerte i Jegerregisteret.

Vil du ta eksamen? På nettstaden jegerprøveeksamen.no får du praktisk informasjon og rettleiing.

Hjortejakt

Grunneigar har rett  til å jakte, men må søkje kommunen om godkjenning av det geografiske området der jakta vere (valdet). Valdet skal vere samanhengane og kan bestå av ein eller fleire eigedomar. Minstearealet er 500 daa.

Kommunen tildeler fellingsløyve.

Jakttida på hjort er frå 1. september til 23. desember. For å kunne jakte hjort må ein ha teke jegerprøve, avlagt årleg skyteprøve og betalt jegeravgift. Det vert oppmoda om å skyte dei merka dyra som er i kommunen. Ved felling av desse dyra skal det takast diverse prøver og eit eige feltskjema skal fyllast ut.

Storvalda er organisert i større einingar og det er i utgangspunktet ikkje krav til storleiken på jaktfelta innan det einskilde storvald. I Naustdal har ein no fått 7 storvald som igjen omfattar 97 % av arealet.

Storvald i Naustdal kommune
Namn Fellingsløyve 2014-16
Vevring Storvald 315 valfrie dyr
Midtre Naustdal Storvald 444 valfrie dyr
Naustedalen Nordside Storvald 270 valfrie dyr
Nedre Sørside Storvald 315 valfrie dyr
Horstad og Solheim Storvald 120 valfrie dyr
Sørsida Storvald 165 valfrie dyr
Instedalen Storvald 150 valfrie dyr

Rapporter sett hjort digitalt

Settogskutt.no er utvikla for å tilby digital rapportering av sett elg, sett hjort og slaktevekter.Jaktleiar har ansvaret for utfylling av skjema frå sitt jaktfelt.

Data blir tilgjengeleg i Hjorteviltregisteret så snart valdansvarleg og/eller kommunen har godkjent registreringane.

Kontaktinformasjon viltskade

Naustdal ettersøksring, vakttelefon 991 53 463.

Ved påkøyrsle og mogeleg skade av dyr, ring politiet 02800.

Ved funn av dødt dyr i eller ved vegbane, ring Statens vegvesen 02030.

Motorfedsel i utmark og vassdrag

All motorferdsel er som hovudregel forbode utan løyve. Du kan søkje om løyve til nødvendig køyring, ikkje til rein turkøyring eller anna køyring som ber preg av fornøyelse.

Det er ikkje søknadsskjema. Skriv eit kortfatta brev der det går fram kor tid køyringa skal føregå, føremålet med køyringa og kvifor køyringa er nødvendig.

I tillegg til løyve frå kommunen, må du òg skaffe deg løyve frå grunneigaren til å køyre i utmark.

Publisert av Henning Malones. Sist endra 16.10.2015
Fagleiar skog og vilt
  • Tlf: 57 81 61 00
  • E-post: