SMIL - Søknad om tilskot til miljøtiltak i jordbruket
Føremålet med ordninga er å støtte tiltak som minskar ureining og fremjar miljøverdiar i kulturlandskapet utover det ein kan rekne med ved vanleg landbruksdrift:
-
Tiltak mot attgroing
-
Ivaretaking av truga sårbare artar, særeigent artsmangfald.
-
Utbetring av stiar, bruer m.m.
-
Informasjon til ålmenta om kultur og naturverdiar, t.d. skilting.
-
Utvending restaurering av freda eller verneverdige bygningar eller installasjonar der desse inngår som ein del av landbrukets kulturlandskap
-
Prosjekt og tiltak vert prioriterte ut fra lokale målsetjingar og strategiar.
Gå til søknadsskjema >
Alle føretak eller eigarar som driv/og eller eig ein landbrukseigedom kan søkje om midlar.
Dersom prosjektet gjeld eit verneverdig bygg skal det vere med ei planteikning. For søkarar som er pålagd å ha miljøplan skal miljøplan trinn 2 også leggast ved søknaden.
For meir informasjon og regelverk, sjå Landbruksdirektoratet sin presentasjon av ordninga.
Søknad om tilskot til drenering av jordbruksjord
God drenering er avgjerande for å kunne auke matproduksjonen i åra som kjem. Det er også eit viktig ledd i å tilpasse jordbruket til endra klima med meir nedbør. God drenering reduserer også faren for erosjon frå jordbruksareal og bidreg på den måten til god kvalitet på vatn.
Gå til søknadsskjema >
For meir informasjon og regelverk, sjå Landbruksdirektoratet sin presentasjon av ordninga.
Produksjonstilskot i jordbruket
Den einskilde gardbrukar kan søkje om produksjonstilskot. I produksjonstilskotet inngår ei rekkje ordningar som kan gjevast til drift av jordbruksareal, grønt- og potetproduksjon og husdyrhald etter satsar fastsett i jordbruksoppgjeret. Føremålet med produksjonstilskotet er å bidra til eit aktivt og bærekraftig jordbruk.
Det er to årleg søknadsfristar 20. januar og 20. august.
Gå til søknadsskjema >
For rettleiing for utfylling av søknadsskjema og anna informasjon finn du på Landbruksdirektoratet sine nettsider
Regionalt miljøprogram for Sogn og Fjordane
Regionalt miljøprogram for Sogn og Fjordane skal stimulere til å ta vare på og utvikle det opne og særmerkte kulturlandskapet i fylket. Alle føretak som kan søkje produksjonstilskot i jordbruket kan søkje.
Informasjon og søknadsskjema finn du på Fylkesmannen sine nettsider.
Velferdsordningane i landbruket
Ulike ordningar bidreg til å styrke velferda i jordbruksnæringa. Registrerte føretak kan søkje tilskot til avløysing ved ferie og fritid (avløysartilskot), tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv. Og Tidlegpensjons-ordninga skal bidra til å gjere generasjons overgangar i jordbruket lettare.
Sjå meir informasjon, regelverk og søknadsskjema på Landbruksdirektoratet sine nettsider.
Investeringar i landbruk, kjøp av eiendom og tilleggsareal
Innovasjon Norge kan hjelpe med tilskot/lån til finansiering i driftsbygning, kjøp av eigedom/tilleggsareal eller mindre investeringar i samband med generasjonsskifte på garden.
Meir informasjon pånettsidene til Innovasjon Norge.