Jordbrukstiltak

 

Erstatning for sau drept av freda rovvilt

I tilfeller der gaupe, jerv, bjørn, ulv eller kongeørn er årsak til tap av husdyr har dyreeiegaren lovfestet rett til full erstatning.

Søknad om erstatning for sau drept av freda rovvilt sender du inn via Miljødirektoratet sitt søknadssenter.

Miljøplan i jordbruket

Miljøplan er eit hjelpemiddel for kvar einskild gardbrukar til å skildre og gjennomføre miljøtiltak på  garden. Planen er ein del av "Kvalitetssystem i landbruket" (KSL),  som dokumenterer korleis matproduksjonen skjer på gardsbruka. 

Landbruksføretak som får produksjonstilskot utan å ha miljøplan trinn I,  får trekk i tilskotet.  For å kunne søkje "Spesielle miljøtiltak i jordbruket" (SMIL-midlar) og nokre av tiltaka i Regionalt Miljøprogram i Sogn og Fjordane (RMP-midlar) må du ha Miljøplan trinn II.

Meir informasjon, rettleiing og regelverk finn du hjå Landbruksdirektoratet.

Spreiing av husdyrgjødsel

Husdyrgjødsel som vert spreidd på open mark skal straks og seinast innan 18 timar etter spreiing moldast ned, og er berre lov i perioden 15. februar til 1. november. Det er ikkje tillate å spreie husdyrgjødsel på snødekt eller frosa mark. Spreiing av husdyrgjødsel utan nedmolding bør gjerast så tidlig i vekstsesongen at det er mogeleg å få gjenvekst som haustast ved slått eller beiting.

Siste dato for spreiing av husdyrgjødsel utan nedmolding er sett til 20. september.

Meir informasjon og regelverk på Landbruksdirektoratet si nettside.

Gjødselplan

Gjødselplan er viktig for å sikre riktig gjødsling i forhold til trongen for næringsstoffer, kvalitet på avlinga og for å unngå ureining.

Det er lovpålagt å ha gjødselplan dersom du driv med planteproduksjon. Manglande gjødselplan vil føre til avkorting i produksjonstilskotet. Kravet er det samme om du driv konvensjonelt eller økologisk jordbruk og gjeld både for den jorda du eig og på leigt areal. 

Etter forskrift om gjødselplanlegging skal det utarbeidast gjødselplan før kvar vekstsesong. Her i fylket har det vore godkjent 5-årige planar på bruk med einsidig grasproduksjon.

Jordprøver

Jordprøver kartlegg næringsinnhold og kalkbehov i jorda, og er viktig for gjødselplanen. Jordprøver skal takast kvart 4. – 8. år, og analyserast for pH, fosfor, kalium, glødetap/moldinnhald.

Plantevernmidlar og sprøytejournal

Vert det nytta sprøytemiddel på garden, er det krav om at du har sprøytejournal.  Brot på kravet om sprøytejournal vil medføre avkorting i produksjonstilskotet.

For å kunne kjøpe og bruke plantevernmiddel må du ha godkjent autorisasjonsbevis, såkalla sprøytesertifikat.  Beviset er gyldig i 10 år. 

Sist endra 17.02.2015 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fagleiar jordbruk
  • Tlf: 57 81 61 00
  • Mob:
  • E-post:  
Teneste (1)
 
 
Login for redigering