Detaljregulering bustadblokk Øyravegen

Aaland arkitektkontor har meldt om oppstart av planarbeid på vegner av føretaket Steinavegen 3 as.

Formålet er å kunne bygge lågblokk ved oppkøyring til Øyrabakken. Frist for uttale er sett til 23.09.2016,

Kommunen har sett krav til utgreiingsarbeidet, og det er forventa at dialog med naboskap og andre kan halde fram ut over fristene som er sett.

Arkitekt si varsling er å finne her:

Naustdal kommune har stilt krav om at desse fornholde får ei særskilt utgreiing:

  1. Område B38 i kommuneplanen for Naustdal sentrum er utbygt med småhus. Konsekvens av bustadblokk i området utgreiast i høve verknad for naboskap, og for landskapsrom. Visualisering av aktuell bygning sett frå vestsida av elva må vere del av planmaterialet.
  2. Vurdering av konsekvens for trafikk, trafikktrygging og skuleveg.
  3. Utgreiing om omfang av utbygging på område som er avsett til grønstruktur i kommuneplanen, med vurdering av konsekvens og aktuelle avbøtande tiltak.

 

 

Kart planområde lågblokk (Naustdal k) - Klikk for stort bileteKart planområde lågblokk (Naustdal k) Aaland