Vevring skule, barnehage og SFO

Vevring skule er ein fådelt skule med elevar frå 1. – 4. klasse, lokalisert mellom fjord og fjell i kunstbygda Vevring.

Barnehagen held til i Fjordtun like ved skulen.

Vevring skule

Vevring skule er ein Olweus skule, med fokus på å byggje gode relasjonar. Visjonen vår er Rom for alle, blikk for den enkelte.

Skulen sitt inntaksområde strekkjer seg frå Horne (grensa mot Flora) til Redalen (grensa mot sentrum skulekrins).

SFO er integrert i barnehagen før skuletid. Etter skuletid har elevane SFO i skulen sine lokalar. Fjord, fjell og gode naturleikeplassar er ein viktig del av aktivitetstilbodet i SFO. Tilbodet er for 1. – 4. klasse.

Elevane frå Vevring går på Naustdal barne- og ungdomsskule på mellomsteget og ungdomssteget.

Vevring barnehage

Barnehagen har ei avdeling og tek i mot barn i alderen 1 - 6 år. Barna har tilbod om inntil ni timar opphaldstid kvar dag.

Overordna mål for Vevring barnehage: Vi ynskjer at barna i Vevring barnehage skal bli trygge og trivast, og at dei skal få utvikle seg positivt i takt med sin eigen alder.

Barnehagen er open måndag – fredag frå 07.00 – 16.30.

Vevring barnehage tilbyr sommaropen barnehage.

Vevring skule og barnehage
Namn Telefon
Vevring skule 57 81 61 60 / 95857842
Vevring barnehage 46929799
Ineke Zeedijk 57 81 61 60
 
 Vevring skule. - Klikk for stort bilete Øystein Ullaland
Rektor / Seksjonsleiar Vevring skule og barnehage
  • Tlf: 57 81 61 60
  • Mob: 95 85 78 42
  • E-post: