Skulefritidsordning (SFO)

 SFO er eit frivillig tilbod til born i 1.- 4. klasse og til funksjonshemma born i 5.-7.klasse. Det skal vere eit tilbod om tilsyn, samt ein trygg stad å vere før og etter skuletid. Naustdal kommune SFO-tilbod ved Vevring skule og Naustdal barne- og ungdomsskule. 

Skulefritidsordninga I Naustdal har frå 1.08.2019 slike tilbod:

A-tilbod tilsvarar heil plass og gjeld også i elevfrie dagar i skuleåret

B-tilbod tilsvarer 10-20 timar i veka

C-tilbod tilsvarar bruk inntil 10 timar pr veke til faste tider.

Det er høve til kjøp av enkeltdagar

 

SFO er open alle kvardagar unnateke julafta og nyttårsafta. Onsdag før skjærtorsdag held SFO open til kl.12.00.
Opningstida for SFO er i tidsrommet kl. 07.00 til kl. 16.30.

Total opningstid i veka for skulefritidsordninga i skuleåret er på 26,75 timar og i skulefrie veker er opningstida på 45 timar.


Det skal vere 5 planleggingsdagar i løpet av året.  Skulefritidsordninga følgjer skuleruta, men kan lage eigne opplegg/sommartilbod i ferien.

Sommartilbod vert gjeven ved Naustdal barne-og ungdomsskule og er open for alle i aktuell søkjargruppe. Dette tilbodet kjem i tillegg til vanleg SFO. Særskilt søknadsskjema vert å få ved den einskilde skule. Sommartilbodet vert stengt 3 veker i månadsskiftet juli-august. Dette vert tidfesta på søknadsskjemaet. Dagleg opningstid vert som i den ordinære SFO-ordninga.

For å søke plass i SFO, så må du logge på VISMA Flyt Skole.
[Logg på her]

 

 
Telefonnummer til SFO: 907 20 703
 
 

Søknad om plass

Du søkjer elektronisk om SFO-plass. Søknadsfrist er 1. april. Alle må søkje kvart år.

Du treng ikkje logge deg på for å søkje første gongen.
 

> Søk plass i SFO

I tillegg til elektronisk søknad må du fylle ut kva timar barnet skal nytte SFO-tilbodet. Skjema med detaljert timeplan finn du på den enkelte skule. Dette skjemaet skal sendast til skulen.

Tilbodet om plass vert sendt på e-post, og du må logge deg på for å svare på tilbodet.

Endring og oppseiing

Du må logge deg på føresetteportalen for å endre SFO-tilbodet eller seie opp plassen. Endring vil til dømes vere frå  frå A-tilbod til B-tilbod.

 

Betalingssatsar SFO

Tilbod A: Full tid: kr. 2985,- pr. mnd. i 10 månader (også på elevfrie dagar i løpet av året, men ikkje sommar og 5 planleggingsdagar).

Tilbod B: 10-20 t/v og faste tider kr 2290;- pr. mnd. i 10 månadar.

Tilbod C: Inntil 10 t/v og faste tider: kr 1350,- pr. mnd. i 10 månader.

Kjøp av enkeltdagar ; kr 285 per dag.

Gebyr ved for sein henting; kr 300 per gang

Det vil i tillegg komme ein mindre sum til å dekke mjølk, frukt og liknande.

Den vil vere ca. kr 300,- pr. halvår for skuleåret 2019.

Det vil vere søskenmoderasjon t.o.m. 31.12.2019.

30 % for første søsken.

50% for påfølgande søsken. 

 

SFO og skuleskyss

Elevar som har plass på SFO får ikkje delt ut skysskort på skulen. Dei har likevel rett på å få dekka skyss til/frå skulen på dagar dei ikkje er på SFO, eller er på SFO berre morgon eller ettermiddag. Føresette kan søkje om refusjon.

>> Les eigen artikkel om refusjon av utgifter til skuleskyss

Rektor Naustdal barne- og ungdomsskule
  • Tlf: 57816301
  • Mob: 45 61 01 09
  • E-post:  
Oppvekstutviklar
  • Tlf: 57816131
  • E-post: