Grunnskule og SFO i Naustdal kommune

«Barn som trivst, lærer»

er hovudmålet for arbeidet i grunnskulen i Naustdal kommune, vi skal legge vekt på å utvikle gode relasjonar med og rundt barnet. Vi fokuserer på vaksenrolla og den vaksne sitt ansvar for relasjonen til kvart enkelt barn har vi teke opp relasjonsbygging som viktig føresetnad for barnet sin tryggleik og læring.

Vi har fokus på tidleg innsats, gjennom auka mestring og trivsel kan barn og unge lukkast med læring og sosialt i skulekvardagen.

På nettsidene til Naustdal barne- og ungdomsskule finn du skjema for søknad om permisjon og samleregistrering for kontaktinformasjon til føresette. Skjema kan nyttast ved alle skulane i kommunen.

PPT

PPT for Indre Sunnfjord dekker kommunane Førde, Jølster, Gaular og Naustdal.

SFO

Naustdal kommune tilbyr skulefritidsordning for barn frå 1. - 4. klasse og for barn med funksjonshemming frå 1. - 7. klasse.

Du får informasjon om SFO-tilbodet til skulen gjennom innskriving av førsteklassingen. 

> Søk plass i SFO

Skuleskyss

«Skuleskyss» er dagleg transport mellom bustad og opplæringsstad. Som hovudregel har elevar i grunnskulen rett på gratis skuleskyss når dei har meir enn 4 km skuleveg. For 1.klasse gjeld retten når eleven har meir enn 2 km skuleveg.

Elevar som på grunn av funksjonshemming, mellombels skade eller sjukdom har behov for skyss til/frå skulen og SFO, har skyssrett utan omsyn til veglengda mellom bustad og opplæringsstad (Opplæringslova § 7-3).

Opphald i SFO er ikkje opplæring i medhald av opplæringslova, og gjev ikkje skyssrett.

Søknadsskjema med informasjon og retningsliner finn du i søknadssenteret, under tittelen "Oppvekst".

Ansvarleg Turi Bruland. Sist endra 10.11.2015 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Oppvekstutviklar
  • Tlf: 57816131
  • Mob:
  • E-post:  
Svarar på spørsmål om kommunale tenester.
  • Tlf: 57 81 61 00
  • Mob:
  • E-post:  
 
 
Login for redigering