Lunden barnehage

Lunden barnehage er ein 6 avdelings barnehage som ligg i Naustdal sentrum, like ved riksveg 5. Vi ligg sentralt plassert med kort veg til sjø, strand, skog og skule.

Vi har aldersreine grupper og storleiken på gruppene varierer frå om lag 9 barn på småbarn (1-2 år) til 18 barn på stor gruppe (3-6 år)

Barnehagen hentar sin inspirasjon i rammeplan og ny forsking og teori på området om barn si utvikling. Vi driv systematisk utviklingsarbeid og gjennomfører brukarundersøking årleg.

I 2014 blei barnehagen renovert og bygd på.  Nye Lunden barnehage er bygd med 6 avdelingar. Per februar 2015 er det 5 avdelingar som er tekne i bruk.

Barnehagen er godkjend for barn i alderen 0-6 år og har inntil 24 plassar for barn under tre år og 88 barn over tre år.

Barna har tilbod om inntil ni timar opphaldstid kvar dag.

Lunden barnehage tilbyr sommaropen barnehage.

 Lunden barnehage og Naustdalsfossen. - Klikk for stort bileteLunden barnehage og Naustdalsfossen. (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) Øystein Ullaland

Seksjonsleiar Lunden barnehage
  • Tlf: 57816170
  • Mob: 41160889
  • E-post: