Barnehagane i Naustdal

Klikk for stort bilete

 

  Velkomen til barnehagane i Naustdal!

Søknadsfrist er 1. mars til hovudopptaket

 

Du søker barnehageplass ved å logge deg på vedlagd lenke med Bank ID eller min ID:  https://barnehage.visma.no/Naustdal

Frå januar 2019 har Naustdal kommune barnehagesystemet Visma flyt barnehage. Du skal bruke Visma flyt barnehage når du søker om barnehageplass, endrar eksisterande eller seier opp plassen. Frist for endringar av eksisterande plass er 1.februar.

Felles opptak

Naustdal kommune har eitt felles opptak for dei 3 barnehagane, både kommunale og private. Tilbod om plass etter hovudopptak, plassering på venteliste eller avslag, vert sendt ut i løpet av april på den e.post adressa du har lagt inn i portalen. For å svare på om du tek i mot tilbodet må du logge deg inn på same sida som du søkte barnehageplass.

Søknaden består av 5 trinn, der du fyller inn informasjon.  Når du har sendt søknaden får du ei stadfesting på e-post. Dersom du treng hjelp til å fylle ut søknaden eller tilgang til datamaskin kan du ta kontakt med Naustdal kommune 57 81 61 00.

Rett til plass.

Alle barn som fyller eitt år seinast 31.august og som søkjer innan fristen har rett til barnehageplass. Barn som fyller eitt år i september eller oktober har rett til barnehageplass frå den månaden dei fyller eit år (barnehagelova § 12a).

Alle barn som fyller eitt år seinast 31.august året før opptaket, og som har søkt innan fristen 1.mars, har lovfesta rett til barnehageplass i den kommunen dei er busett i. Barn som fyller eitt år i september eller oktober har rett til barnehageplass frå den månaden dei fyller eitt år (barnehageloven § 12a). Denne retten er oppfylt når det er gjeve eit tilbod om barnehageplass i kommunen.

Søknad etter frist

Søknader som kjem inn etter fristen for hovudopptak vert registrert på venteliste. Det er opptak gjennom heile året for tildeling av ledige plassar.

Kva kostar ein barnehageplass?

Sjå liste over betalingssatsar under. Det vert gjeve 30% søskenmoderasjon for eitt søsken og 50% for to søsken og fleire. Det vert kravd betaling for 11 månader i året.

Betalingssatsar- barnehage
Betalingssatsar- barnehage
Tekst satsar 2019
Heil plass 100% kr. 2990,-
90% kr. 2920,-
80% kr. 2830,-
70% kr. 2550,-
60% kr. 2310,-
50% kr. 1790,-
40% kr. 1660,-
Ikkje avtalefesta kr. 420.- pr dag
Søskenmodersasjon 30% første
50% påfølgjande

 

Redusert foreldrebetaling

Inga hushaldning skal betale meir enn 6 % av inntekta si for ein barne-hageplass, avgrensa opp til maksimalsatsen.

Foreldrebetalinga skal for første barn i barnehage utgjere maksimalt 6 % av hushaldninga si samla personinntekt. For andre, tredje og fleire barn skal foreldrebetalinga vere i samsvar med føresegn om søskenmoderasjon.

Søknaden skal sendast til Naustdal kommune, og reduksjon vil som hovudregel vare for eitt barnehageår av gangen.

Gratis kjernetid 

Frå 1. august 2016 har alle 3-, 4- og 5-åringer, og barn med utsett skulestart, som bur i hushaldningar med låg inntekt rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke.

Fra 1. august 2018 gjeld gratis kjernetid for hushaldninger som har ei samla inntekt som er lågare  enn 533 500 kroner per år.

Frå august 2019 vil inntektsgrensa settast til 548 500 kroner og retten til gratis kjernetid vil bli utvida til også å gjelde 2-åringer.

Ordningen med gratis kjernetid gjeld uavhengig om du har deltids- eller heiltidsplass. Det betyr at eit barn med deltidsplass med rett på fritak, har krav på fritak på 20 timer uavhengig av størrelsen på plassen. Dersom nokon vel kun å bruke dei 20 timene, er tilbodet gratis.

 
Svarar på spørsmål om kommunale tenester.
  • Tlf: 57 81 61 00
  • E-post:  
Oppvekstutviklar
  • Tlf: 57816131
  • E-post: