Barne- og familievern

Barnevernet si hovudoppgåve er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling får naudsynt hjelp, omsorg og trygge oppvekstvilkår.

Barneverntenesta gjev tenester til alle born og unge frå 0-18 år og deira familier som bur i Naustdal kommune. Når barnet samtykkjer, kan barneverntenesta oppretthalde hjelpetiltak inntil barnet har fyllt 23 år.

Barneverntenesta i Naustdal er organisert inn i det lokale NAV-kontoret i Kommunehuset i Tunavegen 6 saman med kommuneadministrasjonen.

Ta gjerne kontakt for meir informasjon!

Melding til barnevernet

Offentleg tilsette skal av eige tiltak, utan hinder av teieplikta, gje opplysningar til barneverntenesta når det er grunn til å tru at barn lever under forhold som kan skade deira helse eller utvikling. Offentleg tilsette må sende skriftleg melding, evnt. søknad, til barneverntenesta.

> Skjema for bekymringsmelding frå offentleg tilsette (PDF, 48 kB)

Familie, vener, naboar og andre privatpersonar kan og melde bekymring til barnevernet. 

Krisesituasjonar

Naustdal kommune har inga vaktordning for barnevern utanom kontortid. Om det oppstår krisesituasjonar, ta kontakt med Politiet på tlf 02800.

Naustdal kommune samarbeider med stiftinga Krisesenter i Sogn og Fjordane for vaksne og barn som er utsett for vald i nære relasjonar.

  • Døgnvakt Krisesenter: 57 74 36 00

  • Alarmtelefonen for barn og unge 116 111 (gratis) er ein naudtelefon for barn og unge. Der møter du vaksne som forstår korleis du har det, og som bryr seg om at du får det betre. Naudtelefonen er open når barnevernkontora er stengt. I vekedagar er den open frå kl 15.00 og til kl 08.00 neste morgon. I helgane er den open heile døgnet.

Familievern

Familievernet gir råd og rettleiing om samlivsproblem. Tenesta legg vekt på forebygging og oppfordrar om å søkje hjelp på eit tidleg stadium for å unngå at konfliktane blir heilt fastlåste. 

Tilbodet er gratis, og du kan sjølv ta direkte kontakt med oss i NAV Naustdal.

Har du plass til eit barn i familien din?

I Sogn og Fjordane har vi om lag 200 fosterbarn. Barna er i hovudsak frå 0 til 18 år, nokre få opp til 23 år. Nokre har søsken, andre er einebarn.

Ulike barn treng ulike fosterheimar. Det alle gode fosterheimar har til felles er at dei har vaksne med god omsorgsevne og overskot til barna. Både gifte, sambuarar, einslege eller likekjønna par kan bli fosterforeldre.

>> Les meir på nettsidene til fosterheimstenesta i Sogn og Fjordane.

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Mottaket
  • Tlf: 55 55 33 33
  • Mob:
  • E-post:  
  • Mob: 45 87 91 69
  • E-post:  
Artikkel med kontaktperson (1)
Teneste (1)
 
 
Login for redigering