Middagslevering

Middagslevering er eit tilbod om varm middag levert på døra. Tilbodet er til deg som ikkje kan lage eller varme deg ferdiglaga mat.

Gå til søknadsskjema >

Kva kostar middagslevering? Betalingssatsar for 2017.
Vare Pris
Frukost kr. 53,-
Middag stor porsjon m. dessert / suppe kr. 95,-
Middag liten porsjon m. dessert / suppe kr. 78,-
Kveldsmat kr. 59,-
Kaffi kr. 31,-
Frakt (i tillegg) kr. 31,-

Kva får du ?

Middagen vert laga av kjøkkenet på Naustdal Sjukeheim og levert ut varm av Frivillig sentralen daglig unnateke laurdag. Måltidet inneheld god, variert og næringsrik kost.

Korleis får eg denne tenesta?

Du må ha fast bustad i kommunen, og du må sende ein skriftleg signert søknad.

Seksjonsleiar i Open omsorg handsamar søknaden din og du vil bli kontakta slik at det kan bli gjort ein kartlegging saman med deg av dine behov.

Søknaden sendast til Naustdal kommune, Tunavegen 6, 6817 Naustdal.

 

Tenesta vert levert i samarbeid med Naustdal frivilligsentral.

Sist endra 29.01.2018
$(TITTEL)
  • Tlf: 57816213
  • Mob: 95734751
  • E-post:  
Seksjonsleiar Open omsorg
  • Tlf: 57816213
  • Mob: 90537710
  • E-post: