Skuleutbygging

Les om Kommunestyret si godkjenning av forprosjektet i 2014 i teksten under.

Sjå elles:

Elevtalet i sentrumsområdet aukar og det er behov for 2 basisgrupper på alle trinn. Noverande bygningar ved NBU  har ikkje kapasitet til å kunne gje gode læringsareal til 20 klassar, kvar på 22-23 elevar.  I tillegg  vil det vere stort behov for grupperom, også for einskildelevar som treng skjerming.  Behovet for større grupperom vil også auke fordi elevane på ungdomstrinnet får fleire valfag og auka timetal i veka. Kommunen måtte utvida klassetalet og ressursane til NBU uavhengig av strukturendringa.  

Det har vore eit mål å etablere ein betre struktur for trinnorganiseringa i høve til utnytting av lærarressursar og kunne gje betre tilpassa opplæring på tvers av  trinn. Etablering av trinnteam for lærarane vil og vere ein naturleg følgje av ei utviding ved NBU. Dette gjev deling i to klassar på trinna og  ein unngår at NBU  får fleire store klassar opp mot 28-30 elevar enkelte år. Eit elevtal i klassane som til vanleg vil ligge mellom ca 15 og 20 elevar, vil vere eit godt utgangspunkt for tilpassa opplæring og variert undervisning. Trinna blir heller ikkje større enn at trinnteama kan finne gode samarbeidsformer til beste for elevane. Skuleutbygginga legg til rette for dette.

Særskilt om Sørfløy

Ved tilpassingar til eksisterande bygning, vart planløysingane ikkje optimale. I tillegg utløyste dette problematikk kring fasade vest (trangt uterom, bratt skråning, lite dagslys). Kostnad med tiltak i sørfløy ville vere anslagsvis 85 % av nybyggkostnad. Med bakgrunn i ovanståande foreslår vi no riving av sørfløy, og erstatte denne med nybygg for årssteg 1-7.  I samband med skulestruktursaka vart det opplyst at ein har drøfta utarbeidd alternative utbyggingsplanar. Særleg relevant har det vore vurdert om ombygginga kan gjerast rimelegare. Det er ikkje mogeleg å utsette kapasitetsutviding fordi klasse- og gruppetalet vekst er så stor. Derimot har det vore sett på ei mindre omfattande utbygging av sørfløyen enn kva forprosjektet legg opp til. Men dette har ein ikkje valgt å gå vidare med på grunn vesentleg lågare kvalitet, marginalt lågare kostnader og at utearealet då må aukast.

Læringssenteret skal vere ein arena for læring og utvikling og som elevane skal ha lett tilgang til. Kvart læringssenter har kapasitet for 45 elevar på kvart årssteg på. Senteret inneheld eitt stort rom med individuelle arbeidsplassar og dataarbeidsplassar.  I tillegg inneheld læringssenteret fleire grupperom av ulik storleik, lesekrok, kjøkenkrok, lager og amfi. Areala vil vere delvis opne ved å nytte glasflater mellom dei ulike romma og gangarealet vil vere ein del av læringsareala.

Spesialromsbygget med kulturhusfunksjonar

Bygget inneheld fellesfunksjonar som lager til div. utstyr, reinhaldssentral med garderobe og pauserom for reinhaldspersonalet, tilkomst for varelevering og bossrom. Avdelinga for kunst -og handverk inneheld eit stort fellesrom og rundt dette ligg eigne rom for ulike formingsaktivitetar. Her er det teke omsyn til støv, støy og kjemikaliar. Dei ulike romma har innsyn til fellesrommet gjennom glasflater.  Naturfagrommet og arealet for mat-og helse er begge planlagde i samsvar med faglege krav til både fellesformidling og praktisk øving. Spesifikke krav til kjemikaliehandtering er teke omsyn til.

Musikkavdelinga har eitt stort fellesrom med fleire grupperom rundt. Scena har skiljevegg både mot musikkrom og elevkantine. Rom for lys-og lydredigering er plassert med fri sikt til scena. Sentralt i bygget ligg elevkantina med garderobe og med kantinekjøken. Dette fellesarealet skal nyttast til både elevkantine og til ulike arrangement/samlingar/kurs. Her vil det verte teleskoptribune til bruk ved ulike framsyningar. Elles vil arealet vere møblert med m.a. bord og stolar. Skulen tenkjer seg at i dette arealet skal det og vere høve til utstillingar av t.d. elevarbeid. Dei spesialiserte areala skal også kunne nyttast til kulturskuleføremål. Det er avsett areal for lager til bruk for korps og ev. andre brukarar. Det er også prioritert  garderobe til bruk også etter skuletid.

Vekstbase

NBU har etter kvart fleire elevar med spesielle og samansette behov. I framtida veit vi at fleire slike elevar kjem til skulen. Vi ønskjer etablere ein base der desse elevane kan verte spesielt i varetekne og samle den spesialpedagogiske opplæringa kring desse elevane. Basen kan og nyttast til spesialpedagogiske opplegg i einskildtimar/økter for andre elevar med vedtak etter § 5.1 i Opplæringslova.

Kombinasjonsbibliotek

Biblioteket ved NBU er kommunen sitt hovudbibliotek (Folkebibliotek) og skulen sitt skulebibliotek og er sentralt i skulen sitt læringsarbeid. Plasseringa må vere sentral og i tilknyting til fellesareal og i nærleik til læringssentra. Samstundes skal det vere lett tilgjenge for publikum. 

Uteområdet

Uteområdet skal invitere og skape rom for leik, læring, felles aktivitet og fysiske utfordringar. Kvart klassetrinn skal ha lett tilgang til uteområde tilpassa alderssteget sine behov. Utearealet ved skulen er i dag halvparten av det norma seier. Ved å ta i bruk eksisterande parkeringsareal til uteområde, får ein auka dette noko.

Områdeplan

I samband med forprosjektet for utbygging vert det utarbeidd ein områdereguleringsplan for heile skuleområdet. Planen omfattar areal for framtidige bygningar, leikeareal, gangareal, parkering og avkøyringar.

 

NBU Spesialromsfløy juni 2016 (Naustdal kommune) - Klikk for stort bileteNBU Spesialromsfløy juni 2016 (Naustdal kommune) Ann Lisbeth Lesto

Publisert av Øyvind Bang-Olsen. Sist endra 12.07.2016 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Rådmann
  • Tlf: 57816119
  • Mob: 41530111
  • E-post:  
Artikkel (1)
 
 
Login for redigering