Pressemelding - Engebøfjellet

Eit viktig vedtak i Regjeringa som vil skape vekst i Naustdal – og resten av regionen.

I dag sa Regjeringa ja til utvinning av rutil frå Engebøfjellet i Naustdal kommune.

- Vi er glade at Regjeringa no har avgjort saka, og dette vedtaket betyr at vi kan starte vårt arbeid med å forvalte Engebøfjellet på ein god måte for alle innbyggarane i kommunen, seier ordførar Håkon Myrvang i Naustdal.

Naustdal kommune har venta lenge på at Regjeringa skulle avgjere denne saka.

Det har teke lang tid, men eg meiner det har styrka prosjektet fordi alle fakta no er grundig analyserte og vurderte av ulike faginstansar. Eg er trygg på at Regjeringa har fatta eit framtidsretta og godt vedtak som betyr mykje for Naustdal kommune og heile regionen, seier ordførar Håkon Myrvang.

 

Naustdal kommune er godt budde på at eit så stort prosjekt krev mykje av kommunen i åra framover. Drift på Engebø blir det først om nokre år.

 

Kommunen si oppgåve no blir å tilrettelegge for ei positiv folketalsutvikling gjennom tilflytting.

Det vil seie å lage ulike planar for området og vurdere behovet for nye barnehageplassar og liknande, seier rådmann Øyvind Bang-Olsen. Vi tek også forvaltningsoppgavene alvorleg og leggje vekt på å ha ressursar til å møte saker som krev løyve.

 

Utvinninga på Engebø vil bety fleire arbeidsplassar i kommunen. I første omgang ein stad mellom 170 og 350 nye arbeidsplassar, seier ordførar Håkon Myrvang.

 

Kontaktinformasjon:

Ordførar Håkon Myrvang

Tlf: 46 89 09 50

E-post: Hakon.Myrvang@Naustdal.Kommune.no

Varaordførar Harald Kvame

Tlf: 95 08 02 94

E-post: harald@hkvame.no

Rådmann Øyvind Bang-Olsen

Tlf: 41 53 01 11

E-post: oyvind.bangolsen@naustdal.kommune.no

 
 Redalen mot Vevring. Engebøfjellet midt i bildet. (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) - Klikk for stort bilete
Publisert av Annlaug Kjelstad. Ansvarleg Håkon Myrvang. Sist endra 12.07.2016 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Artikkel med kontaktperson (1)
Person (1)
 
 
Login for redigering