Naustdal sokn

Den norske kyrkja i Naustdal kommune er del av Bjørgvin bispedøme. Kyrkja vart ved overgang til ny kyrkjelov i 1997 skilt ut som sjølvstendig eining der kommunen har det økonomiske ansvar i form av årleg rammeoverføring, tenesteyting og midlar til særskilt vedlikehald og investeringar. Soknet vert administrert av Naustdal kyrkjekontor, i tillegg til kommunale overføringar vert arbeidet finansiert av innsamla midlar. Prestestillinga er finansiert av statlege midlar gjennom bispedømet.

Soknet har to kyrkjer: Naustdal kyrkje og Vevring kyrkje. Naustdal kyrkje stod ferdig i 1891 og blei pussa opp til 100 års jubileet i 1991. Kyrkja ligg i Naustdal sentrum. Vevring kyrkje er det eldste kyrkjebygget, ferdig i 1846. Kyrkja er sentralt plassert i Vevring.

Kyrkjebygga er monumentale bygg der arkitekturen spenner om det kunstnariske, det funksjonelle og dei kyrkelege symbola. Og kyrkja står ovanfor mange av dei same utfordringane som kulturlivet og samfunnet elles knytt til finansiering av drift og vedlikehald.

Den overordna oppgåva til kyrkja er å formidle den kristne bodskapen. Men kyrkja har også ei rolle som kulturberar og kulturarena. Gjennom gudstenester, kyrkjelege handlingar, trusopplæring og ulike aktivitetar i kyrkjelydane har kyrkja ei brei kontakt med folket.

Naustdal sokn utarbeider Plan for kyrkjemusikk, ein lokal plan for aktivitetar og tiltak basert på føringar i Nasjonal plan for kirkemusikk. Vidare bygger kulturarbeidet i Naustdal kyrkje på Kulturmelding for Den norske kirke utarbeidd av Norske kirkeakademier på oppdrag fra Kirkerådet.

 

Konfirmasjon i Naustdal kyrkje (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) - Klikk for stort bileteKonfirmasjon i Naustdal kyrkje (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) Øystein Ullaland

Sist endra 12.07.2016 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • Tlf: 57818240
  • Mob:
  • E-post:  
 
 
Login for redigering