Kyrkjeverje / Dagleg leiar.

Førde  kyrkjelege fellesråd har ledig stilling som kyrkjeverje/dagleg leiar  i 100% fast stilling. 

 

I Førde kommune er det 13.000 innbyggarar, 2 sokn, 3 kyrkjer og 4 gravplassar. Førde kyrkjelege fellesråd har 11 årsverk fordelt på 22 tilsette. Årsbudsjett i overkant av 10 mill. kroner. Kyrkjeverja er lokalisert på Førde kyrkjekontor i gode lokalitetar på Førde kyrkjetun, som var nytt i 2001.

Dei kyrkjelege fellesråda i Førde, Jølster, Gaular og Naustdal  har starta samanslåingsprosess grunna kommunesamanslåing frå 01.01.2020. Kyrkjeleg fellesnemnd er nedsett og ein har gjort vedtak om utlysing av prosjektstilling.  Den som vert kyrkjeverje i Førde vil også bli kyrkjeverje for det nye fellesrådet, og vil såleis også vere sentral i samanslåingsprosessen og utforming av ny organisasjon. Kyrkjeverje skal i samhandling med råd, utval, tilsette og frivillige vidareutvikle og leie kyrkja gjennom ein endringsprosess. Den nye storkommunen vil få om lag 22 000 innbyggarar.

Kyrkja skal vere ein møteplass for alle, der menneske kjenner at dei høyer til og vert utfordra til tru og teneste. Kyrkja skal vere ein viktig ressurs for å skape gode lokalsamfunn, prega av nærleik, omsorg identitet og kultur. Ein er oppteken av nyskaping og utviklingsarbeidet og kyrkjelydane har god oppslutnad og godt samarbeid med kommunen.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg leiar for fellesrådet sitt ansvarsområd er mellom anna;

-Personalleiing for dei kyrkjelege tilsette i fellesrådet

- Plan, budsjett og økonomiansvar.

- Strategi og utviklingsarbeid

- Ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjebygg og gravplassar

Vi søker ein leiar med

  • Relevant høgare utdanning. Relevant arbeidserfaring kan vege opp for høgare utdanning.
  • Kompetanse og erfaring innan personalleiing, økonomi, offentleg forvaltning og administrasjon
  • Gode kommunikasjonsevner og samarbeidseigenskapar, samt evne til å jobbe strategisk og utviklingsorientert.
  • Gode kunnskapar om Den norske kyrkja sin struktur, verdigrunnlag og organisering

Vi kan tilby

  • Løn etter avtale
  • Tilsetjing i tråd med lover og reglement og KA sine tariffavtaler
  • Pensjonsordning i KLP
  • Ei interessant og utfordrande stilling i eit engasjert miljø
  • Oppstart i stillinga etter avtale

Ein legg stor vekt på personlege eigenskapar. Den tilsette må vere medlem av Den norske kyrkja og ha eit engasjement for kyrkjeleg verksemd. Samanslåing av fellesråd og den framtidige kyrkjelege struktur vil medføre både nye arbeidsoppgåver og leiarutfordringar.

Ein må gje opp referansar i søknaden.

Administrasjonsspråket er nynorsk.

6 månads prøvetid.

Spørsmål om stillinga kan rettast til  

Fung. kyrkjeverje Jenny Ødven Snildal – tlf  99279955.

Fellesrådsleiar Vidar Otterstad – tlf 97095717
Leiar i kyrkjeleg fellesnemnd Jetvard Kalland – tlf 90 72 47 69

Søknad sendast Førde kyrkjelege fellesråd, Kyrkjevegen 23F, 6809 Førde eller på e-post til

fkf@fordekyrkje.no innan 01.12.2017.

Naustdal kyrkje (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) - Klikk for stort bilete Øystein Ullaland

Sist endra 09.11.2017 av Janne L Svorstøl
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
 
 
Login for redigering