Ungdomsrådet

Naustdal  kommune har sitt eige ungdomsråd som er ungdommen sitt øvste talerøyr, og arbeider for å fremje interessene og meiningane til ungdommen i kommunen vår.

Rådet skal gje opplæring i demokratisk arbeid og påverknad, og er også eit høyringsorgan i ungdomssaker. Det er partipolitisk uavhengig, og har møte og talerett både i komitear, formannskap og kommunestyre.

Innspel til saker?

Har du forslag til saker som ungdomsrådet bør ta opp, kan du sende innspel til leiar eller administrasjonen i kommunen. Forslag til saker kan komme frå elevane via elevråda, enkeltpersonar eller frå administrasjonen i kommunen.

Les meir om ungdomsdemokrati på Sogn og Fjordane fylkeskommune sine nettsider.

Publisert av Ann Lisbeth Lesto. Sist endra 12.07.2016
Svarar på spørsmål om kommunale tenester.
  • Tlf: 57 81 61 00
  • E-post: