Søk tilskot

Avduking av storskulpturen Kyra, november 2013 (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) - Klikk for stort bilete Barneidretten. Lengdehopp på Naustdal stadion. (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) - Klikk for stort bilete

 

Lag, organisasjonar og privatpersonar kan søkje tilskot frå ulike ordningar innanfor kultur. Under skildrar vi ordningane kort: aktivitetsmidlar, desentralisert tilskot til kulturbygg og Den kulturelle spaserstokken.

Les eigen artikkel om Spelemidlar og anlegg.

Aktivitetsmidlar for barn og unge

Lag, organisasjonar og privatpersonar kan søkje om aktivitetsmidlar gjennomføring av til aktivitetar og tiltak for barn og unge i Naustdal kommune. 

Stønadsordninga har to søknadsfristar årleg: 15. mars og 15. september.  

Send søknad elektronisk eller i brev. Du finn begge skjema under "Kultur" i Søknadssenteret.

Aktivitetsmidlar kan gjevast til tiltak "det utvida kulturomgrepet" femner om:

  • Tradisjonelt kulturarbeid som teater, musikk og liknande
  • Kulturvern, lokalhistorie
  • Barne- og ungdomsarbeid
  • Idrett- og andre fritidsaktivitetar  

Kulturkontoret fordeler midlane i samarbeid med Ungdomsrådet.

Inntil 60% av tilskotet kan bli tildelt på våren, medan resterande sum vert fordelt på hausten.

Tilskot vert ikkje gitt til ordinær drift av lag, men til oppstart eller gjennomføring av konkrete prosjekt, aktivitetar eller som underskotsgaranti.  

Desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg

Kulturbygg som er del av handlingsprogram i Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og kulturbygg 2014-2017 kan søkje tilskot. (PDF, 2 MB)

Søknader om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet leverast elektronisk til Naustdal kommune på fastsett skjema, innan 31. januar.

Før du søkjer må du kontakte kommunen for å få tildelt eit anleggsnummer.

Gå til søknadsskjema >

Ordninga vert forvalta av fylkeskommunane, og føremålet er å medverke til eigna lokale, bygg og utearenaer som gjev rom for ulik kulturell verksemd. Tilskot kan bli gitt til kulturhus, fleirbrukslokale eller spesiallokale for kunst og kultur, som bibliotek, bygg for museum eller andre kulturverntiltak, scenekunstlokale, konsertsal eller formidlingslokale for biletkunst.

Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygg, men ikkje til vedlikehald eller drift. 

Lokala må vere planlagt ut frå definerte behov og bør vere fleksible. Kulturhusa bør lokaliserast sentralt i lokalsamfunnet eller regionen.

Den kulturelle spaserstokken

Naustdal kommune får tilskot til kulturtilbod til eldre etter søknad til Sogn og Fjordan fylkeskommune. Midlane vert lyst ut lokalt saman med aktivitetsmidlane for barn og unge, 15. mars og 15. september.

Den kulturelle spaserstokken skal leggje til rette for auka samarbeid mellom kultursektoren og omsorgssektoren, slik at gode kunst- og kulturprosjekt for eldre lokalt, kan bli utvikla innanfor eit mangfald av sjangrar og uttrykk.

Kulturkontoret samarbeider med ei lokal arbeidsgruppe omsøknad og fordeling av midlane.

Publisert av Ann Lisbeth Lesto. Sist endra 12.07.2016 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Svarar på spørsmål om kommunale tenester.
  • Tlf: 57 81 61 00
  • Mob:
  • E-post:  
 
 
Login for redigering