Tusenårsstaden Sanden

Sanden er friluftsområdet like ved sentrum og fjorden, med lagune, badestrand, volleyballbane, badebrygger, gangstiar og småbåthamn.

Sanden er 60 dekar stort og ligg plassert ved utløpet av elva Nausta i Naustdal sentrum. Sanden er det naturlege sentrum for tre mil fjord og tre mil dal. Budeia var det fyrste tiltaket i området, og har sidan avdukinga i 2007 vore ein viktig faktor i omdømebygginga i kommunen.

Historiske kart og bilete syner at området som vi i dag kallar Kommunestyreparken opprinneleg stod under vatn, og at strandsona hadde mange naust. Hovudvegen gjekk gjennom sentrum mot brukryssing over Naustdalsfossen. I 1970 vart det bygd ny riksveg over utløoet til Nausta, og ny veg mot Vevring vart fylt i strandsona nedanfor kyrkja.

Friluftsområdet Sanden slik det framstår i dag vart bygd av overskotsmassane frå Naustdalstunellen i 1995, og bygda fekk ei nytt møte med fjorden.

Sanden er eit statleg sikra friluftsområde.

Naustdal barne- og ungdomsskule markerte Grunnlovsjubileet 2014 ved å danne ein broderkjede på Sanden.  (Pål Arve Myklebust) - Klikk for stort bileteNaustdal barne- og ungdomsskule markerte Grunnlovsjubileet 2014 ved å danne ein broderkjede på Sanden. (Pål Arve Myklebust) Pål Arve Myklebust, NBU

Publisert av Ann Lisbeth Lesto. Sist endra 20.07.2016
Svarar på spørsmål om kommunale tenester.
  • Tlf: 57 81 61 00
  • E-post: