Tur 7: Kleppstølen - Smådalsnipa

Høgdeskilnad, m.o.h. / Altitude, low / high, m.a.s.l : 423 – 930

Lengde / Distance t / r : 7,2 km.

Tid / Time t / r : 2,5 – 3 timar / hours

Frå / From : Kleppstølen

 

Sjå kart og skildring her / View map with information. (PDF, 638 kB)

Følg merkinga nordover langs traktorvegen til enden av vegen. Vidare på sti forbi Stehoggestølen. Rett etter stølen tek ein til høgre over ei lita elv og fylgjer stien slakt oppover mot Lågeheia.

No svingar stien nordover og ein kjem inn i brattare terreng. Terrenget vidare mot toppen er lett kupert med nokre bratte parti. På toppen er det flott utsikt i alle retningar.

Det er mogeleg å forlenge turen til andre toppar som Blåfjellet og Krunene (umerka). 

Ansvarleg Henning Malones. Sist endra 10.11.2015