Tur 15: Mortensbakke – Naregga

Høgdeskilnad, m.o.h. / Altitude, low / high, m.a.s.l : 130 – 602

Lengde / Distance : 7,3 km.

Tid / Time t / r : 3 timar / hours

Frå / From : Mortensbakke

 

Sjå kart og skildring her / View map with information. (PDF, 785 kB)

Frå parkeringa på Mortensbakke går ein gjennom tunet på garden (følg piler). Ta til venstre ved første skogsvegdele rett ovanfor innmarka. Følg skilting langs skogsveg / køyrespor / sti opp til Bakkestølen.

På Bakkestølen er det stidele med to turalternativ til toppen av Naregga. Turen via Helleberget er litt kortare, men brattare. Stien er merka over småkupert terreng og over flate bergparti før ein kjem opp under Helleberget. Her svingar stien og den går bratt opp mot stikrysset aust for toppen. Herifrå er det kort veg ut mot toppen. Alternativ veg til toppen frå Bakkestølen er via Brunavatnet.

Ta til høgre ved Bakkestølen og passer rett forbi hytte i skogen. Vidare austover over myrparti til ein kryssar bekk ved innløpet til Brunavatnet. Vidare på nordsida av Brunavatnet til ein svingar nordover oppover lia, så vestover opp fjellryggen. Følg stien vidare til toppen.

Her har ein flott utsyn i alle himmelretningar. Turen høver godt som rundtur.