Tur 14: Kvernhushaugane - Svistølen (rundtur)

Høgdeskilnad, m.o.h. / Altitude, low / high, m.a.s.l : 220 – 363 – 322

Lengde / Distance t / r : 4,1 km.

Tid / Time t / r : 2 timar / hours

Frå / From : Kvernhushaugane

 

Sjå kart og skildring her / View map with information. (PDF, 535 kB)

Følg skogsvegen frå parkeringa forbi Kvernhushaugane og langs Kvernhuselva til Reset. Frå Reset kan ein følgje skogsvegen vidare til merka sti til Kletten. Til Svistølen tek stien til venstre innover i kupert skogsterreng.

Etter å ha gått 200 meter deler stien seg og ein kan velje å gå over Heia eller å gå «skogstien» Turen høver godt som rundtur.

Over Heia : Nokre få bratte kneikar. Ein del av stien er på slette berg som kan vere glatte ved regn. Mange fine utsiktspunkt undervegs. Ved Storeled tek stien til høgre, følg den gamle stien som går mellom Helgås og Svistølen fram til postkassa på Svistølen.

«Skogstien» : Stien ligg i hellande, kupert skogsterreng innover Helgåsberget. Fleire stader er det murar frå gamal tid der det har vore tilrettelagt for køyring med hest. Stien kjem inn på bøen nedanfor husa på Svistølen. Ta til venstre og opp til tunet på Svistølen.