Tur 1: Gullbrua - Vindkjegla

 Høgdeskilnad, m.o.h. / Altitude, low / high, m.a.s.l : 150 – 688

Lengde / Distance t/r : 5,0 km

Tid / Time t/r : 2,5 timar / hours

Frå / From : Gullbrua

Sjå kart og skildring her / View map with information. (PDF, 939 kB)

Frå parkeringa går ein eit lite stykke nedover kommunevegen, krysser brua og tek skogsvegen til høgre oppover i lia retning Vindkjegla.

Det er jamn stigning etter skogsvegen til ein kjem til Smaleberget. Her er fin utsikt mot gardane i Naustdalslia. Vidare går ein på smalare sti i eit brattare terreng til ein kjem til Rypehola. Her er det fin utsikt oppover Naustedalen og byggefelta i sentrum.

No kjem ein opp over skoggrensa, det er her eit parti med bratt stigning før terrenget flatar ut og ein kan sjå «Telenorspeilet» i retning toppen. Når det er passert vil ein sjå varden like bortanfor.

På toppen er det flott utsikt mot Heilefjellet og Storehesten samt innover / utover Førdefjorden.

Alternativ retur er å fylgje merka sti via Mallasvikstølen til Kringla (tur 4).