Kreftomsorg og lindrande behandling

Kreftomsorga i kommunen er eit lågterskeltilbod, du som ønskjer det kan kome i kontakt med oss tidleg i sjukdomsforløpet.

Naustdal kommune har som mål at du som vert sjuk og dine pårørande skal bli ivaretekne på ein god måte, og oppnå best mogleg livskvalitet.

Kreftomsorga sin funksjon

Vi samarbeider mellom anna med fastlege, NAV, Helsestasjon, Heimeteneste, sjukeheim, spesialhelsetenesta, lokale pasientforeiningar og Kreftforeningen.

Lindrande team er fagpersonar som:

  • Har tid til å lytte
  • Skal syte for å samordne spørsmål og gje rettleiing
  • Kan svare på faglege spørsmål og gje rettleiing
  • Kan bidra til å skaffe praktisk hjelp og støtte
$(TITTEL)
  • Tlf: 57816213
  • Mob: 95734751
  • E-post: