Jordmor

Er du gravid, tilbyr jordmor deg svangerskapskontroll. Målet med dette er å sikre at svangerskapet utviklar seg så normalt som mogleg både for mor og baby.

Beathe Salbu Håkonsen er jordmor på Helsestasjonen i Naustdal. Ho er her kvar tirsdag og du kan nå ho på tlf 404 46 036. Timebestilling 57 81 60 20 (Naustdal legesenter).

Du kan velje om du vil ha oppfølging av jordmor eller fastlege i svangerskapet eller gjennom eit samarbeid mellom lege og jordmor.

Svangerskapsomsorg er medisinsk kontroll og omsorg og støtte til meistring av denne viktige forandringa i livet. Jordmor informerer om fosteret si utvikling, fødsel og tida etter fødsel.

Du får tilbod om svangerskapsomsorg/kontrollar gjennom heile svangerskapet, samt rådgjeving og fødselsførebuande kurs. Samtalane kan dreie seg om fødselsangst, smertelindring eller om tidligare traumatiske fødslar. Etter fødselen kan du få tilbod om amme- og/eller prevensjonsrettleiing.

Kvar gong du skal på kontroll - ta med:

  • Urinprøve (tatt om morgonen same dag som du skal til kontroll)
  • Helsekortet ditt

Program for svangerskapskontroll

Program for svangerskapskontrollar
Svangerskapsveke Program for svangerskapskontroll
Veke 8 - 12 Lege - Blodprøver: Hgb, Rhesus, syfilis, rubella
Veke 16 Jordmor
Veke 17 - 19 Utralyd, Helse Førde HF
Veke 24 Jordmor
Veke 28 Lege - Blodprøver: Hgb, evt. sukkerbelastning ved behov
Veke 32 Jordmor - Blodprøve, Rh neg - kontroll prøve
Veke 36 Jordmor - Blodprøve, Rh neg - kontroll prøve
Veke 38 Jordmor / lege
Veke 40 Jordmor / lege
Veke 42 Overtidsvurdering, Helse Førde HF
Sist endra 12.09.2016
$(TITTEL)
  • Tlf: 57816020
  • E-post:  
Leiande helsesøster
  • Tlf: 57 81 61 50
  • Mob: 90 70 95 10
  • E-post: