Utfordringar knytt til rusmiddelbruk

Opplever du vanskar i samband med at du eller nokon du kjenner har eit for stort inntak av rusmiddel? Naustdal kommune har tilsett ein ruskonsulent som kan tilby deg støtte, rettleiing, motiverande samtalar eller hjelp til å vidareformidle til andre instansar om ynskjeleg. Tilbodet tilpassast individuelt ut i frå ditt behov.

 

Ruskonsulenten samarbeider tett med fastlege og psykisk helse team, og også med andre instansar som NAV og barnevern der det er nødvendig. Dette for å sikre eit heilheitleg tilbod til deg som har utfordringar knytt til rusmiddelbruk enten som brukar eller som pårørande. Vanleg tausheitsplikt er gjeldande, og all samhandling med andre instansar skjer etter ditt samtykke.

 

Det finst ingen begrensingar på kva type rusmiddel ein inntar, og det skal vere lav terskel for å ta kontakt. Det beste er å få ei henvising frå fastlegen, men er du usikker går det òg an å ta direkte kontakt med ruskonsulent Hildegunn Sortland på tlf. 45978883. Tilbodet er gratis og heilt uforpliktande. Eg er her for å hjelpe deg!