Sjukeheimsplass

Pleietrengande, eldre og funksjonshemma kan ha behov for ein tilrettelagt bustad. 

Naustdal kommune legg til rette for rehabilitering, korttids- og avlastningplass, samt sjukeheimsplass.

Pårørande kan også søkje om avlastingsplass.

Gå til søknadsskjema >

Pårørande og besøkande er velkomne til sjukeheimen, men vi set pris på om du ikkje legg besøket til tida mellom kl.13.30 og 15.30.

Korleis kan eg få tenesta?

Søkjar av tenesta må bu eller opphalde seg i kommunen. Det må liggje føre ein skriftleg søknad.

Søknaden vert vurdert av ei inntaksnemnd, sett saman av tilsynslegen, seksjonsleiar ved Naustdal sjukeheim, seksjonsleiar for heimesjukepleien, og koordinerande eining. Inntaksnemnda har møte kvar veke. 

Naustdal sjukeheim

gir rehabilitering, korttids- og avlastningplass, samt sjukeheimsplass.

Sjukeheimsplass er eit heildøgns omsorgstilbod for pleietrengjande som har behov for medisinsk - og sjukepleiefagleg oppfølging og stell gjennom døgnet. Helsesvikten må ha eit omfang som heimesjukepleie og korttidsopphald ikkje kan kompensere for.

Kor mykje som skal betalast avhenger av ein invidivduell vurdering av kvar einskild sin økonomi.

Korttidsopphald

Personar som har behov for rehabilitering, habilitering og utredning kan søkje om korttidsopphald,  eit målretta og tidsavgrensa opphald på sjukeheimen, ev. dagtilbod.

Gardsbøen og Naustdalstunet

er tilpassa funksjonshemma og tilrettelagt til at bebuar skal kunne motta heildøgnsomsorg

Bustaden er bebuaren sin eigen heim, og heimetenester må søkjast og tildelast etter same vilkår som for andre heimebuande.

Avlasting

Avlastinga er til pårørande som har særleg tyngande omsorgsoppgåver. Den kan bli gitt som heimehjelp, dagsenter eller avlastingsopphald på sjukeheimen.

Naustdal sjukeheim
KontaktinformasjonTelefon 
Ekspedisjon57816200
Plan 157816207
Plan 257816220
Send e-post til postmottak
Ansvarleg Line Anita Hjorthaug. Sist endra 10.07.2017 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • Tlf: 57816200 (ekspedisjon)
  • Mob:
  • E-post:  
Seksjonsleiar Naustdal Sjukeheim
  • Tlf: 57816215
  • Mob:
  • E-post:  
Artikkel med kontaktperson (2)
 
 
Login for redigering