Kvardagsmeistring

Kvardagsmeistring/kvardagsrehabilitering er eit tilbod til personar over 18 år der personen har opplevd eit funksjonsfall, men det ikkje er behov for spesialisert rehabilitering.

 Her blir kvardagsaktiviteten bakgrunnen for tilbodet. Ei tverrfagleg gruppe gjer ei kartlegging og spør blant anne personen: «Kva er viktige aktivitetar i livet ditt som du ønsker å meistre?»  Ut ifrå personens eigne mål får personen støtte og rettleiing til å trene på dei aktivitetane han/ho ønsker å meistre betre. Tenesta blir i utgangspunktet gitt i ca 4 veker. Det er utarbeida eigne rutinar. Personer som søker om nye tenester frå Open omsorg, vil kunne bli vurdert av tverrfagleg inntaksteam for denne tenesta. Du kan og søke på denne tenesta på søknadsskjema til Open omsorg.

Kontaktinformasjon: Koordinerande eining tlf 41331799, Open Omsorg tlf 57816214.