Koordinerande eining

Koordinerande eining for rehabilitering og habilitering bidrar til å sikre heilskaplege og koordinerte tilbod til pasientar og brukarar med behov for tenester frå fleire fagområde, nivå og sektorar.

Koordinerande eining har overordna ansvar for individuell plan og koordinator. Ansvaret omfattar alle pasient –og brukargrupper med behov for langvarige og koordinerte tenester, og er ikkje avgrensa til habilitering og rehabilitering. Koordinerande eining arbeider tett med spesialisthelsetenesta og dei andre tverrfaglege instansane i kommunen i forhold til kartlegging og tildeling av teneste etter brukars behov.