Individuell plan

Alle som har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester, har rett til å få utarbeida ein individuell plan.

Planen skal kun utarbeidast dersom personen sjølv ønsker det. Initiativet til å få laga ei individuell plan kan komme frå brukaren eller pårørande, men hovudansvaret for å utarbeide individuelle planer ligger i tenesteapparatet. Det er koordinerande eining for habilitering og rehabilitering som har det overordna ansvaret for individuell plan og for oppnemning av koordinator.

Tilvising om individuell plan skal rettast til tildelingskontoret i Naustdal/Førde ved kontaktperson Caroline Langedal tlf 969 48 502. e mail: caroline.langedal@naustdal.kommune.no   evt kan ein kontakte koordinerande eining v/leiar og kontaktperson Mona Svalheim, tlf 905 37 710 e-post mona.svalheim@naustdal.kommune.no    

 

For meir informasjon om individuell plan, sjå følgande link: https://helsedirektoratet.no/retningslinjer/rehabilitering-habilitering-individuell-plan-og-koordinator/seksjon?Tittel=individuell-plan-og-koordinator-6935